Kø og dirigering på Osveien i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Dirigering på E39 Osveien

Politi frå Os rykte ut til Kaland.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag klokka 11.55 kom det melding om stopp i trafikken på E39 Osveien.

Årsaka skal ikkje vera ei trafikkulykke.

– Eit vogntog har fått motorstopp. Det er ein del kø på staden, men bergingsbil er på veg, opplyser politiet via Twitter.

Vogntoget hadde retning Os då det stoppa.

Klokka 12.40 blei det meldt at vogntoget er flytta.