Kultur | 22. nov. 2011

Full swing i Oseana

VIDEO: Os Swingklubb feira 20 år med fest og prisdryss.

Full swing i Oseana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. nov. 2011 21:53

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Det viktigaste er ikkje å bli god, men å ha det gøy, seier Håkon Bruarøy frå Os Swingklubb.

Laurdag feira klubben 20 år og nye og gamle medlemmar, og andre som liker å svinga seg, var med på den stilige festen i Oseana.

– Sånn er det på øvingane òg, nokre er i noregstoppen og kjempar i toppen internasjonalt, andre er med berre fordi dei liker å dansa. Enkelte er også i øvingssalen frå første kurs i 18-tida til sistemann går heim klokka 22.

Os Swingklubb har tett timeplan heile kvelden både måndagar i Kløvertun og onsdagane i Oseana.

Starta på Madam Ane

Os Swingklubb blei starta i august 1991 av blant andre Trond Irgens Hagevik, Atle Bjørke, Marit Thuen, Tone Skaathun og Ragnhild Skaathun Blindheim.

– Første kurs blei halde på Madam Ane og Rolf «Rock N Rolf» Aastvedt var første instruktør. Rolf har lenge drive eigen danseskule i Bergen, men var i fleire år fast instruktør på Os.

Første oppvising var under eit hud- og hårshow på Solstrand. Det gamle skyttarhuset blei lenge brukt til øving før dei fekk plass i Fjellheim og no Oseana.

Vekst med ny formulering

Det går ikkje berre rundt og rundt i swingklubben, det har også gått litt opp og ned.

– Men i 2008 gjorde vi nokre grep, og forma alle aktivitetane våre om til kurs. Då blei det brått vekst, og vi har no over 20 utdanna instruktørar og arrangerer kurs i mange danseformer, som magedans, lindy hop, linedans og folkesving for både nybyrjarar og vidarekomne.

– Standard latin står også på programmet.

Klubben har fleire gongar blirr spurt om å laga dansekurs for ungar, men har førebels ikkje hatt kapasitet.

– Men det er noko vi har i tankane, og det kan koma. Folk får følgja med når vi legg ut nye kursprogram, oppfordrar Håkon.

Mange fekk pris

Os Swingklubb har årlege juleball, og kvart år blir det delt ut pris. Det gjeld også når klubben fyller år.

I tillegg til pris til medlemmar fekk klubben sjølv prisar, både frå Norges Danseforbund, Rolf Aastvedt og Os kommune.

Her er medlemmane som fekk pris:
Ungdomsprisen: Regine Drange Eriksen, Therese Hjelle, Lena Ekse og Jostein Enes
Overrekt av Anne Lill Lyssand

Ivrighetspris: Bjørg og Jan Vaktdal
Overrekt av Tor Egil Hylland

Årets dansar: Karen Drange
Overrekt av Jan Terje Tysseland

Instruktørpris: Margareth Sekkingstad og Arvid Tombre
Overrekt av Sølvi Uthaug

Os Swingklubb pris: Atle Klausen
Overrekt av Inger Halhjem Sælen

Medlemspris: Elbjørg Haavik
Overrekt av æresmedlem Rolf Åstveit

Jubileumspris: Ragnhild Skåthun Blindheim og Trond Irgens Hagevik
Overrekt av Magne Brekke

Ambassadørpris: Iceabella Johansen og Øyvind Blindheim
Overrekt av Per Otto Moldeklev

Hederspris: Håkon Bruarøy
Overrekt av Jonny Haugland frå Kulturkontoret

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.