Kultur | 12. aug. 2017

Fullt hus hos Hanne's

Jazz- og blueskonsertane hos Hanne's Konditori & Musikkbar slo godt an.

Fullt hus hos Hanne's
Det var fullt hus med over 110 gjestar då Papaslide gjekk på scenen på Hanne's i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. aug. 2017 14:11

Bildeserie:

Gjersvik, Husdal og Dyngeland. (Foto: KVB)
Gjersvik, Husdal og Dyngeland. (Foto: KVB)
Godt publikum under jazzkonserten. (Foto: KVB)
Godt publikum under jazzkonserten. (Foto: KVB)
Tidlegare Osøren-styremedlemmar klare for jazz og blues. (Foto: KVB)
Tidlegare Osøren-styremedlemmar klare for jazz og blues. (Foto: KVB)
Fart på dansegolvet då bluesen var i gang. (Foto: KVB)
Fart på dansegolvet då bluesen var i gang. (Foto: KVB)
1 av 4
Gjersvik, Husdal og Dyngeland. (Foto: KVB)
Godt publikum under jazzkonserten. (Foto: KVB)
Tidlegare Osøren-styremedlemmar klare for jazz og blues. (Foto: KVB)
Fart på dansegolvet då bluesen var i gang. (Foto: KVB)

Hanne's Konditori & Musikkbar har hatt eit tett liveprogram med jam og levande musikk kvar veke sidan opninga i april i år.

Under Osfest har dei styrka programmet med livemusikk frå klokka 17.

• Videoreportasje: Utelivsbransjen førebudd på festivalhelg

– Dette blei godt mottatt, vi hadde fullt hus omtrent frå vi starta, seier Bjørn «Bosse» Sigurjonsson.

Musikkbaren har 64 sitjeplassar inne, med løyve til å skjenka til 80 inne og 36 utandørs.

– Under jazzkonserten frå klokka 17 til 20 hadde vi 60-70 gjestar, då bluesbandet Papaslide gjekk på scenen klokka 22 hadde vi over 110 gjestar.

Eks-festivalsjef såg fram til kvelden

Blant gjestane var Gunnar Nagell-Dahl, tidlegare festivalsjef for nedlagte Osøren Blues & Jazzfestival.

– No nyter vi jazz, og så ser vi fram til å høyra Papaslide, eit fantastisk dyktig band som vi òg hadde på festivalen vår, seier Gunnar.

Bosse ser sjølv fram til å vera gjest på eigen musikkbar i kveld.

– Du har skjenking til klokka 2, kom det ekstra påfyll etter at siste Osfest-konserten var ferdig i 1-tida?

– Nei, det merka vi ikkje noko til. Vi hadde uansett ikkje hatt plass til fleire. Eg håper og trur at vi har hatt eit litt anna publikum, at ikkje vi tar noko særleg av kvarandre sitt publikum.

Hanne's køyrer same program i kveld, Barbro Husdal Trio, med Barbro på vokal, Carsten Dyngeland på piano og Ole Amund Gjersvik på kontrabass.

Papaslide består av Rune Nordvik (gitar), Arild Seim (gitar), Are Stenfeld Nilsen (bass) og Valentin Papi Donev (trommer). Bandet har med seg Per Skotheim (munnspel) som gjesteartist.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.