Kultur | 11. des. 2011

Fullt hus på fotoutstilling

Alarmen gjekk i Oseana i går. Fotografane gliste.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. des. 2011 11:05

Bildeserie:

1 av 10

Det blei trongt i kunstutstillinga i Oseana laurdag.

Os Fotoklubb hadde vernissasje og rundt 200 møtte fram for å få med seg opninga av utstillinga av 70 bilde frå 19 av klubbmedlemmane.

– Dette var overveldande. Vi i klubben gjekk berre rundt og gliste til kvarandre, vi var så nøgd, seier formann i klubben, Tommy Sælen.

Vernissasjen starta med fin opningstale av programsjef i Oseana, Berit Steen, og minikonsert av Myrna Braza med band.

Med før musikarane sleppte til gjekk alramen. Ikkje brannalarmen, men tjuverialarmen som er montert på fleire av dei kostbare verka i Griegsamlinga.

– De må ikkje røra måleria, sa Steen, med adresse til dei mange nyskjerrige ungane som var med på kunstmuseumet i går.

– Det gjeld forsåvidt bilda i utstillinga vår òg, skaut Tore Njøten frå fotoklubben inn, og hausta mykje latter i salen.

Og, ja, det blei også selt bilde i går, på første utstillingdag. Utstillinga står til 15. januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.