Tarjei Skeie og bryggerikameratane introduserte seg sjølv og ølet dei hadde med seg. (Lesarbilde, foto: Bjarte Løvaas Haugland)

Fullt hus på lansering av Bjørnafjorden Bryggeri

Gjestane fekk smaka på fem variantar frå det nye bryggeriet i Os Næringspark.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei fem kameratane Tarjei Øiestad Skeie, Cato Larsen, Erlend Moberg, Gaute Lia og Ragnar Finnvik var ivrige heimebryggarar før dei slo seg saman, starta bryggeri og leigde lokale i Os Næringspark.

– Vi bur jo i bygda, så vi kunne jo like gjerne starta eit bryggeri. Osbygda har mykje god husflid, men den eldste og mest tradisjonsrike, nemleg ølbrygging manglar, sa Skeie til Midtsiden i september.

På rundt 50 kvadratmeter rigga dei seg til med eit oppsett med kapasitet på 200 liter sterkøl og 350 liter veikøl. Målet er å produsera mellom 8.000 og 12.000 liter i året.

I går var det lanseringsfest på Hanne's Musikkbar.

Fullt hus og fem smakar

Bjørnafjorden Bryggeri heldt lanseringsfesten på Hanne's Konditori & Musikkbar.

Bryggeriet stilte med fem ulike typar øl. Pale ale, inda åale ale, golden ale, american brown ale og atout porter.

Det blei fullt hus og god stemning.

– Vi er kjempenøgde! Det var utruleg kjekt at så mange kom, og at stemninga blei så god! seier Erlen Moberg.

På førehand har bryggeriet levert ti fat med øl til ulike pubar i Bergen og Oslo.

– Lanseringa i dag er likevel ein milepæl for oss, sa Moberg fredag kveld.

«Madammen» blei ein favoritt

Ein av gjestane, Per-Arvid Hansen, seier han har hatt ein kjempekveld, og at det var spennane å smaka.

– Eg driv ikkje og bryggar sjølv, men er glad i øl. Eg hadde i grunnen ingen favoritt, eg smakte fire ulike og likte alle.

Kvar variant blei presentert av bryggeriet frå scenen. Ein av dei det skal ha gått mykje av har namnet «Madammen».

No håper bryggeriet å få eige øl i barane lokalt i Os.

– Vi fekk positive signal frå Hanne's, og håper også å få ein avtale med fleire utestadar, seier Moberg.