Sport | 25. okt. 2017

Fullt mannskap og hardare satsing

Os på trenarjakt: 95 prosent av stallen er med vidare. Ny målsetnad er òg på plass.

Fullt mannskap og hardare satsing
Jan Frode Skeie fortel at Os Fotball skal satsa endå hardare enn før, ikkje minst på utvikling av eigne spelarar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. okt. 2017 20:23

I kveld blei det kjend at det ikkje blir teikna ny trenarkontrakt mellom Os Fotball og Hassan El Fakiri.

Os skal no ut på trenarjakt.

Kven som er i kikkerten, eller om det allereie er nokon der, vil ikkje sportsleg leiar Jan Frode Skeie førebels ikkje seia noko om.

– Kan det blir aktuelt å rekruttera frå eigne rekker?

– Sjølvsagt. Men om vi ser etter andre, og korleis kabalen kan bli, er for tidleg å seia.

– Det som er sikkert er at vi har eit godt grunnlag. Vi fekk eit skot for baugen med nedrykket, men er både førebudd og innstilte på å kjempa oss tilbake i 3. divisjon.

17 av 20 spelarar i troppen stilte på møtet. 16 av 17 sa klart ja til å bli med i 2018.

– Eg hadde samtalar med éin og éin. Dette ser positivt ut.

– Det gler meg at vi allereie no veit at vi har 95 prosent av dagens stall med oss inn i oppkøyringa.

Hardare satsing og tydeleg mål

– Det vi skal gjera endå betre enn før er det fysiske grunnlaget. Eg sa på spøk til Hafsås at neste år treng han ikkje kasta av seg trøya når han skårar hatrick, vi skal sjå 6-packen hans gjennom drakta, seier Skeie og ler.

Skeie ser òg tilbake på både opprykket til øvste nivå i 1974 og til nest øvste nivå tidleg på 90-talet.

– På 70-talet trente dei spenst med sandsekkar på ryggen, i 1991, då eg sjølv var med og trena Os, hadde vi styrke og step på Cha Zet. Fysisk fostring, og kanskje med litt kreativ vri, kan vera godt for både skadeforebygging, for det sosiale - og for å førebu spelarane på ein lang sesong.

– Og så skal vi ha ein endå hardare satsing på ungdomane, både på gute- og jentesida.

– Kor høg prioritet har opprykket neste år?

– Vi skal i 2. divisjon i løpet av tre år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.