Lokal | 24. apr. 2014

Funnen blodig og livlaus

Redningsarbeid pågår på Hatvikvegen etter at ein livlaus mann blei funnen i grøfta på Hatvikvegen. Vegen er stengt.

Funnen blodig og livlaus
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. apr. 2014 22:21

Klokka 23.45 blei ein person funnen i ei grøft på Hatvikvegen.

Luftambulanse, politi, brannvesen og ambulanse er på staden.

– Det var to andre som fann han.

– Det var ingen andre bilar eller personar på staden då vi kom fram, fortel ein Frank Mohn-tilsett som jobbar skift, og kom som nummer to til staden på veg heim frå jobb.

Personen blei funnen nokre meter mot Os frå krysset inn mot Moldegård, liggande på vegen ut i det eine kjørefeltet.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd

Klokka 00.30 blei mannen tatt om bord i luftambulansen.

– Dei har fått liv i han, men meir veit eg førebels ikkje om tilstanden hans, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ronny Lentføhr til Midtsiden.no.

– Kva som har skjedd med han er uvisst. Vi held alle alternativ opne.

– Er mannen identifisert?

– Vi meiner vi veit kven han er, men det er ikkje endeleg stadfesta.

Då Midtsiden kjørte frå staden, klokka 00.40, var vegen framleis stengt og helikopteret sto på bakken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.