
Husværet har vore avsperra etter at dei to blei funnen. (ill.foto: Andris Hamre)
To funnen døde
Politiet fekk torsdag ettermiddag ein førebels obduksjonsrapport frå Gades Institutt etter at dei tysdag fann ein mann og ei kvinne i 50-åra døde i sitt eiga husvære i nærleiken av Os sentrum.
- Rapporten gjev oss ingen grunn til å tru at det er noko mistenkeleg med dødsfalla.
- Det er nok heller ei tragedie enn noko kriminelt som har skjedd, seier politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
Det var om lag midt på dagen tysdag politiet blei varsla etter at pårørande ikkje fekk kontakt med dei to. Med bistand frå brannvesenet fekk dei tatt seg inn i husværet der dei fann dei omkomne.
Dei første dagane etter at dei to blei funnen har husværet vore avsperra av politiet, noko som har gjort at fleire i nabolaget har kontakta Midtsiden.
Drapet i Oshaugen 1. januar er nemt som årsak til at enkelte har vore urolege etter funnet av det døde sambuarparet, eit funn politiet no fortel ikkje skal vera resultat av ei kriminell handling.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no