Lokal | 14. okt. 2014

Fusa-ferja har stoppa igjen

I dag, som fredag, er det full stopp mellom Hatvik og Venjaneset.

Fusa-ferja har stoppa igjen
Venjaneset. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. okt. 2014 11:51

Tysdag fekk Midtsiden tips om at ferja mellom Os og Fusa ligg i ro på fjorden og at bilar snur på kaien på Venjaneset.

"Grunnet teknisk feil innstilles alle avganger i rute 700 Hatvik- Venjaneset inntil videre. Info oppdateres" melder FosenNamsos Sjø på sine heimesider.

Midtsiden har ikkje fått kontakt med presseansvarleg hos FosenNamsos.

Også fredag 10. oktober hadde Fosen problem med sambandet, då var det stopp i frå formiddagen til klokka 13.50 same dag.

Omkjøring om Tysse kan også by på forseinkingar då det pågår arbeid med tunnel i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.