Kultur | 16. feb. 2018

Fusaband på bygdekinoen

«Sleepwalkers» speler både før og i filmen på bygdekinoen søndag.

Fusaband på bygdekinoen
I går spelte Sleepwalkers på førpremieren på Bergen Kino (foto: Stian Smørholm)
Andris Hamrefredag 16. feb. 2018 12:41

Søndag kjem filmen «Los Bando» på bygdekinoen i Oseana. Før framsyninga speler Fusabandet «Sleepwalkers» gratis minikonsert i Oseanasalen.

Grunnen er enkel, «Sleepwalkers» er nemleg med i filmen!

Los Bando er ein vakker roadmovie gjennom Norge, der fire ungdomar mot alle odds legger ut på ein eventyrleg reise for å oppfylle sine drømmer. Med rallysjåfør Martin (Jonas Oftebro) bak rattet, må bandet bryte lovar og reglar for å rekke fram til NM i rock. Turen nordover skal by på fleire problemer og utfordringar.

I følgje ei pressemelding frå Sleepwalkers – som spelar rolla som bandet som vant NM i rock i filmen – handlar filmen også om å vekke rockeinteressen hos dei unge, sjølveste «Hank von Helvete» (frå Turbonegro) dukker opp i ein birolle for å proklamere at «rocken er død».

Sleepwalkers består av Natasja Smørholm på vokal, Marius Nilsen Kleppe på el-gitar, Even Engevik Lygre på el-gitar, Andreas Nilsen Kleppe på bassgitar og Idar Rolland på slagverk. Bandet har fleire ganger vore deltakarar i UKM Os og Fusa. Det var nettopp gjennom UKM at bandet vann premien, som var å spele i filmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.