Lokal | 11. des. 2013

Fylket løyver 10 millionar

Fylket vil styrka pendlarparkering i og rundt Bergen. Løyver 10 millionar til samarbeidsprosjekter med kommunane. Os ventar på Statens vegvesen.

Fylket løyver 10 millionar
Ein mogleg løysing kan vera parkeringshus over dagens bussterminal (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. des. 2013 14:27

I fylkestinget tysdag løyvde fleirtalet med Frp/H/V i spissen 10 millionar kroner til pendlarparkering.

– Det er ein invitasjon til samarbeid frå fylket til kommunane og eventuelt private aktørar, fortel ordførar og gruppeleiar for Frp, Terje Søviknes.

Ventar på rapport

I overordna tidlegare samanhengar har Os kommune sett på området ved Tøsdalsskiftet/UnoX som eit eigna område for pendlarparkering i Os.

– Statens Vegvesen gjorde grunnundersøkingar der oppe i sommar.

– Vi venter framleis på rapporten for å kunne berekna kostnadene for ei eventuell etablering.

– Om det blir aktuelt må vi gjennom ein reguleringsprosess då området i dag er LNF-område, forklarar Søviknes.

Ser på sentrum

I tillegg til å venta på rapporten frå vegvesenet jobbar kommunen med ein stads- og moglegheitsanalyse for Osøyro.

– I den ser vi også på eit par parkeringsløysningar på Osøyro.

– Den eine er ved grusbana på ungdomsskulen.

– Vel så interessant er kanskje den andre løysinga der vi ser på moglegheiten om å etablera eit parkeringshus oppå dagens bussterminal eller den gamle brannstasjonen.

Vil invitera til samarbeid

Stads- og moglegheitsanalysen vil bli presentert på eit utvida formannskapsmøte i midten av januar.

– Når den er ferdigbehandla, så må vi òg konkludera med parkering og ta det over i eit konkret prosjekt.

– Om vi fell ned på ei parkeringsløysing i sentrum, så vil det vera naturleg å invitera fylkeskommunen med på dette med tanke på pendlarparkering også, avsluttar Søviknes.

I det same fylkestinget blei vegmidla til Lepsøyvegen stadfesta med oppstart i 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.