Næringsliv | 06. des. 2016

Fyller butikken på 8 dagar

Kiwi har tredobla storleiken på Haugsneset. Torsdag opnar den nye butikken.

Fyller butikken på 8 dagar
Butikken er klar - og snart ferdigfylt med varer. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. des. 2016 11:02

Bildeserie:

Den førre butikken blei riven i oktober i fjor.
Den førre butikken blei riven i oktober i fjor.
No står ny, tre gongar så stor, butikk klar til opning.
No står ny, tre gongar så stor, butikk klar til opning.
Butikksjef Linn F. Røen (t.v.) saman med Anita Kartveit og Linda Kviteberg.
Butikksjef Linn F. Røen (t.v.) saman med Anita Kartveit og Linda Kviteberg.
Dei første varene kom onsdag for seks dagar sidan.
Dei første varene kom onsdag for seks dagar sidan.
No er det berre frukt, mjølk og kjøtt som manglar.
No er det berre frukt, mjølk og kjøtt som manglar.
Butikken har blitt større, det har parkeringsplassen òg.
Butikken har blitt større, det har parkeringsplassen òg.
På Kiwi Moberg er det samtidig utviding. Her frå riving av nabohus i juni i år.
På Kiwi Moberg er det samtidig utviding. Her frå riving av nabohus i juni i år.
1 av 7

Den skulle vore klar til sommaren, men utfordrande terreng i bakkant av tomta gjorde at byggearbeidet tok tid. Men då det først lausna igjen etter ferien gjekk det fort og onsdag førre veke kom første lass med varer.

– Vi fekk fem lastebilar utover kvelden og det har halde fram med å koma påfyll. No gjenstår berre dei ferskaste varene, i dag og i morgon fyller vi på med mjølkevarer, kjøtt og veldig mykje frukt og grønnsaker, seier butikksjef Linn Frøkedal Røen.

Større butikk - fleire parkeringsplassar

Førre Kiwi på Haugsneset var 430 kvadratmeter stor, denne er over 1200.

– Vi har òg fått fleire parkeringsplassar. No har vi 30 plassar i tillegg til to store for dei med handikap. Det er nesten så eg ikkje forstår korleis dei har fått så mykje ut av tomta.

Då den førre butikken stengte, i oktober i fjor, hadde den 10 tilsette. På opninga torsdag er det 14.

– Vi blir litt fleire tilsette og nokre fleire på ein del av vaktene, når butikken har blitt så stor.

– Erfaren og dyktig gjeng

Regionssjef Jan Olav Mjøs seier han er glad for at ei erfaren og dyktig dame som Frøkedal Røen held fram som butikksjef på Haugsneset.

– Ho har lang fartstid i Kiwi og leverte gode resultat i førre butikk. No ser vi fram til både opninga og drift av ein større og betre butikk på Haugsneset, ein stad som lenge har vore populær hos osingane.

Røen jobba i butikken frå 2003, då som Drageset, og var assisterande butikksjef på Kiwi Moberg før ho i 2012 blei sjef på Haugsneset.

Etter at Kiwi Haugsneset i fjor blei riven har Linn vore med på ombyggging av Kiwi på Søreide, deltatt i nyopning av ein Kiwi i Knarvik og hjelpt til på Kiwi Nyborg før ho i januar i år reiste fire månadar til Australia, blant anna for å pleia hesteinteressa på ein ranch.

– Det var ein fantastisk tur, men det var òg godt å koma heim. Eg er glad for at eg har med meg seks av dei tidlegare kollegaene mine, og for dei nye vi har fått tak i før opninga.

Utviding på Moberg

Parallelt med bygging på Haugsneset er det utviding av Kiwi Moberg.

Dette arbeidet går gjennom vinteren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.