Joakim Kyrre Myklebust og Geir Granli ønskte velkomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fylte Bakketeig-huset med gjestar

Arkitektane som i dag opna kontor i Os sentrum, gjekk dør til dør for å finna rett lokale.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For ei veke sidan fortalde Bergen Arkitektkontor AS om etablering av avdeling i form av eige firma med kontor i Os.

I dag sto inviterte gjestar tett på opningsdagen til det nye arkitektkontoret.

– Vi har invitert både byggebransje, politikarar, eksisterande kundar og potensielt nye, seier Geir Granli.

Byggingeniør Granli er ein av sju tilsette ved kontoret i Bergen og blir dagleg leiar i det nyetablerte selskapet på Os.

Sendte «bakkestyrkane» til Os

Arkitektkontoret i Bergen er i ekspansjon, og gjekk ei tid med plan om å utvida i retning Os før dei fann lokale.

– Det var fleire ledige lokale, men vi brukte tid på å finna noko vi meinte passa oss. Vi var jo på jakt etter litt sjarm, og det fann vi jo til slutt, fortel Joakim Kyrre Myklebust.

Myklebust er arkitekt og dagleg leiar ved kontoret i Bergen.

– Til slutt var vi så leie av å leita etter annonser at vi tok på oss regnjakke og gjekk dør til dør. Bakketeig-huset skil seg jo ut som spesielt fint, så vi gjekk inn, starta dialogen, følgde opp og fekk til slutt ein avtale.

Fast bemanning

Bergen Arkitektkontor avd Os AS er eigd av Geir Granli, Joakim Kyrre Myklebust, Carl Thomas Egenæs frå arkitektkontoret i Bergen saman med eigedomsutviklar Pål Aaserud.

– Førebels har vi innreia med to arbeidsstasjonar og eit lite møterom, men det kan bli utvida, fortel Granli.

– Vi vil veksla litt på kven som sit på Os og ha bemanning fleire dagar i veka.