Lokal | 20. feb. 2017

Fylte båtane med «profesjonelt» avfall

Dei få som stilte på dugnad i helga fekk rydda store mengder plast frå skjergarden i Os - og éin ting gjekk igjen; kapp av tau.

Fylte båtane med «profesjonelt» avfall
Kristian Bruarøy og Os Dykkerklubb fylte begge båtane sine med boss i går. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. feb. 2017 09:32

Bildeserie:

Kristian Bruarøy rydda i Breiavikjo innanfor Gulholmane. (Privat foto)
Kristian Bruarøy rydda i Breiavikjo innanfor Gulholmane. (Privat foto)
Marita Snilstveit rydda nesten ein heil sekk på Steinneset. (Privat foto)
Marita Snilstveit rydda nesten ein heil sekk på Steinneset. (Privat foto)
Os Dykkerklubb inviterte til fellesdugnad frå Halhjem. (Privat foto)
Os Dykkerklubb inviterte til fellesdugnad frå Halhjem. (Privat foto)
Her er dykkerklubben på Halhjemsøy. (Privat foto)
Her er dykkerklubben på Halhjemsøy. (Privat foto)
I Kvalsund. (Privat foto)
I Kvalsund. (Privat foto)
På Kalneset. (Privat foto)
På Kalneset. (Privat foto)
Dykkerklubben samla 60 sekkar på tre timar - med fem personar. (Privat foto)
Dykkerklubben samla 60 sekkar på tre timar - med fem personar. (Privat foto)
Konteinaren i Øyane var også velfylt. (Privat foto)
Konteinaren i Øyane var også velfylt. (Privat foto)
1 av 8
Kristian Bruarøy rydda i Breiavikjo innanfor Gulholmane. (Privat foto)
Marita Snilstveit rydda nesten ein heil sekk på Steinneset. (Privat foto)
Os Dykkerklubb inviterte til fellesdugnad frå Halhjem. (Privat foto)
Her er dykkerklubben på Halhjemsøy. (Privat foto)
I Kvalsund. (Privat foto)
På Kalneset. (Privat foto)
Dykkerklubben samla 60 sekkar på tre timar - med fem personar. (Privat foto)
Konteinaren i Øyane var også velfylt. (Privat foto)

Tysdag i førre veke fortalte Os kommune at dei ville legga til rette for stor fellesdugnad med rydding av plast og anna avfall frå skjergarden i Os. Konteinarar var sett ut og det låg rullar med plastposar som folk kunne henta.

Laurdag ettermiddag var ordførar Marie Lunde Bruarøy i dialog med eit par som hadde plukka boss frå kajakk (!). Posen dei la frå seg i konteinaren som var sett ut på Halhjem, var då den einaste som var sanka inn til då.

200 likes - 5 møtte opp

Søndag var Os Dykkarklubb i sving med organisert opplegg frå Halhjem ferjekai. Der møtte fire personar opp. Då dei kom til land med første tømming meldte éin til seg på.

– Vi hadde håp om endå betre oppslutnad, spesielt etter at mange gav uttrykk for at dei likte omtalen av dugnaden på Midtsiden laurdag, seier Bjørn Tore Bøhmer frå Os Dykkerklubb.

– Litt nedbør var kanskje medverkande, nokre synest gjerne at klokka 10 ein søndag er tidleg å møta opp. Men eg trur folk må tenkja seg om, ein likes på Facebook er ikkje innsats nok.

Dei fem som møtte fram fekk likevel rydda store mengder avfall.

Samla 60 sekkar på 3 timar

– Vi starta på Kalneset og tok fleire av fjørene rundt, også på friluftsområdet Halhjemsøy, før vi gjekk innover mellom Innerøy og Ytterøy.

– Vi måtte til land med full båt med bossekkar fleire gongar.

Dei fem som rydda med dykkerklubben samla til saman 60 sekkar med boss på tre timar.

– Det var store isoporklossar, bildekk, tomme kanner, oljefat og mykje tau.

– Når så få samlar så mykje, tenkt kor store mengder vi kunne fått rydda om fleire stilte opp! Ikkje forvent at andre tar jobben, bli med neste gong! er Bøhmer si oppfordring.

Han trur òg at det kunne hjelpt om kommunen tok endå meir regi, og om fleire idrettslag, turgrupper og liknande lagde eit opplegg og samla medlemmane sine til innsats.

Store mengder tau

Ein av dei som trassa vêret og tok ungane med på båttur for å rydda fjørene var ordføraren sin bror, Kristian Bruarøy.

– Dei hadde høyrd om kvalen og snakka om dette på skulen, så dei var ikkje vanskelege å invitera med på dugnad, seier Kristian om ungane sine.

Han rydda i fjørene i Øyane, blant anna i Breiavikjo, nær Kobbavågen.

– Vi møtte eit par båtar utpå, og fleire som kom langs land, så her ute var ikkje innsatsen så verst.

Bruarøy med familie fann både not, garn, store fôrposar og isopor - men det som overraskar han mest var dei store mengdene med tau dei fann.

– Proffe syndarar

– Mykje av tauet det er nytt, i same dimensjon og i nokolunde same lengde, som om det er tau som er kappa og kasta rett på sjøen.

Også dykkarklubben og ordføraren sjølv, som rydda både før helga og i helga, blant anna i Moldvikane ved Ervikane, fortel om same fangst:

Grønt, nyare tau, rundt 10 mm i diameter, med ein knute i eine enden, kappa i andre enden, og med spor av noko raudt.

– Det er dessverre tydeleg å sjå at nokon av dei som lever av havet er store syndarar. Når profesjonelle aktørar nærmast systematisk forsøplar skjergarden så bør det ei omfattande endring til, både i rutinar og haldningar, seier ordførar Marie Lunde Bruarøy (H).

– Kan det bli fleire slike dugnadar?

– Ja, absolutt! Eg høyrde snakk om ein fellesdugnad i Hordaland i mars ein gong, men vi ville ikkje venta. Vi organiserte ikkje noko form for fellesstart, vi tenkte folk kunne rydda då det passa kvar enkelt, men det kan henda at vi skal prøva å ta meir regi i neste runde, kanskje ved hjelp av fleire frivillige lag i bygda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.