midtsiden

Fyrrig på Peppes

Det blir fyrrig på Peppes fredag kveld når Gina Aspenes og Nobody's Business inntek scena.

Av: Andris Hamre Fredag, november 25, 2011 - 09:32

Førre fredag slapp dei plata «Bad Seeds» på Madam Felle i Bergen. Denne fredagen kjem dei til Peppes og haustbluesen til Osøren Blues & Jazzfestival.

- «Nobody's Business» manøvrerar seg trygt i landskapet der rock, blues og soul møtast, skriv Per Randers Haukaas i BA.

Han gjev «Bad Seeds» terningkast 5 i meldinga og trekk fram osingen Gina Aspenes si inderleghet og stemme i meldinga. Spesielt bluesballaden «Built to love» og bandets tolking av «World of Hurt» blir trekt fram.

Fyrrig Pizza

Også «Bluesnews» har meldt plata og gjev dei 7 av 10 poeng.

- Nobody's Business skriv dei fleste sangane sine sjølv. Tungt og levande formidlar dei ein blues som følast ekte og er overbevisande variert, skriv Johnny Andreassen i Bluesnews.

- Eg ser at Nobody's business har gjort spelejobbar på stader som Peppes Pizza. Det var da fan til fyrrig pizza dei serverer borte på vestlandet, avsluttar Andreassen.

Bandet består forutan Gina Aspenes på vokal av Tore Kvalvik (gitar/kor), Harry Finseth (orgel/piano), Kjetil Huus (bass/kor) og Bjørn Moe (trommer/kor). Billettar seljast i døra så her gjeld det å vera tidleg ute.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11