Lokal | 18. feb. 2017

Fyrverkeri, andedrap, promille og fest

Politirapporten: Fyrverkeri i sentrum, hund drap tre ender, 50 åring fyllekøyrde, bråk og narkofunn i Halhjemsmarka, fest i Landboden.

Fyrverkeri, andedrap, promille og fest
Patrulja frå Os lensmannskontor har hatt ei natt med ulike oppdrag (ill.foto: KVB)
Andris Hamrelørdag 18. feb. 2017 08:35

Det har vore ei natt med varierte oppdrag for politipatrulja i Os.

– Klokka 0039 fekk vi melding om skyting med fyrverkeri i Os sentrum. Melder fortalde at det høyrtes ut som eit batteri som blei avfyrt, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

– Patrulja som var i området reiste ned på kaien ved Esso kor dei kom i kontakt med nokre personar som kan ha hatt med det å gjera. Det blei ikkje avklart der og då, men vil bli følgd opp på måndag.

Hund drap tre ender

Klokka 0150 fekk patruljen melding om ein hund som hadde tatt seg inn i ein andegård i Byvegen.

– Det var ein grå hund på størrelse med ein schafer som har tatt seg inn i innheigninga og tatt livet av tre ender. Patrulja fekk etterkvart kontakt med hunden som framleis var i området og rekvirerte Fant som kom og henta den. Vi veit ikkje kven som eig hunden, fortel Kolltveit.

Fyllekøyrde frå byen

Klokka 0500 fann ein mann i 50 åra ut at festen i Bergen hadde vart lenge nok og køyrde heimover til Os.

– Han blei observert ved Krambua på Fjøasangervegen, men køyrde vidare mot Nesttun og Os. Patrulja på Os fekk stoppa han i Ulvenområdet og tok ein promillekontroll på han.

– Karen blåste over lovleg verdi og blei difor tatt med til legevakta for blodprøve. Førarkortet hans blei beslaglagt, fortel operasjonsleiaren.

Husbråk og fest

– Patrulja har òg vore ute i Halhjemsmarka på ei ordensforstyrrelse. I leilegheita det gjaldt var det ein mann og ei dame som skal ha krangla høglytt. På mannen i slutten av 30-åra blei det funnen mindre mengde narkotika. han blei køyrd heim til seg sjølv og blei dimitert, men får ein sak oppretta mot seg.

– Heilt på morgonkvisten klokka 0650 fekk vi melding frå ein som blei forstyrra av ein fest i Landboden. Vi sendte påtroppande patrulje bort der klokka 8 og då var festen over. Det var i allefall stille, avsluttar Kolltveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.