
Går frå Brann
Fredag blei det kjent at Bjarte Haugsdal går på utlån frå Brann til Løv-Ham resten av sesongen.
Løv-Ham-trener Arne Sandstø ser på Haugsdal som ein erstattar for Mats Cato Moldskred, som gjekk til Bryne i førre veke.
- Eg skal på første trening med Løv-Ham i dag, fortel Bjarte Haugsdal til midtsiden.no
- Forhåpentlegvis er eg i troppen på sundagens kamp mot Nybergsund/Trysil, seier talentet frå Os.
Fekk lite speletid
- Eg har fekk bra med speletid i byrjing av sesongen, men den siste tida har det blitt mindre, fortel Haugsdal.
Bjarte Haugsdal har spelt 10 kampar for Brann i Tippeligaen, éin frå start og ni som innbytar.
Den siste delen av sesongen har han spelt for Brann 2 i 3. divisjon.
- Han har spelt for lenge i 3. divisjon allereie, og då er det fare for at han stagnerar, seier Brann-trenar Rune Skarsfjord til BT.
- Eg trur det kan vere greit å ta ei tid i 1. divisjon slik at eg får litt tøffare matching, seier Haugsdal.
Det var ikkje aktuelt å be om ei utlånsavtale til Os då du ikkje fekk spelt i Tippeligaen?
- Det var eigentleg ikkje det, når Løv-Ham viste interresse så var det meir aktuelt, avsluttar Bjarte Haugsdal.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no