Kultur | 23. sep. 2014

Gamal musikk møter ny verd

Banebrytande innspeling med Bergen Filharmoniske Orkester i Oseana. – Det blir eit heilt nytt musikkformat, fortel Gisle Johnsen.

Gamal musikk møter ny verd
Yrjan Tangenes og Gisle Johnsen står bak den unike innspelinga med BFO i Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 23. sep. 2014 10:56

Til våre kan du sjølv bestemma korleis du vil oppleva eitt av dei tre verka Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) denne veka spelar inn i Oseana. Bak innspelinga står Bergensfirmaet Musit, som snart lanserar ein heilt ny måte å høyra musikk på.

– Det er ein heilt ny tekonologi vi nyttar.

– Det blir eit heilt nytt musikkformat, fortel Gisle Johnsen og Yrjan Tangenes i Musit.

Du bestemmer

Det nye formatet kombinerar video, notasjon og fleirsporslyd i ein app du kan lasta ned og kor du sjølv kan styra kva plass kvart einskild instrument skal få i di remiksing.

– Allereie i haust lanserar vi appen med store pop og rockeartistar.

– Kven dei er kan vi ikkje røpa enno, men at det blir ein heilt ny måte å oppleva musikk på kan vi lova.

Først i verda

Innspelinga med BFO er den første innspelinga i det nye formatet med eit heilt symfoniorkester.

– Eit slik multitrack med eit symfoniorkester, kor filming av dei einskilde instrumentgruppene, synkronisert med musikken, har aldri vore gjort på denne måten før.

– Klassisk musikk må vera i front innan bruken av ny teknologi for å gje publikum nye opplevingar.

– Dei tre verka som BFO speler inn her i Oseana har jo vore spelt inn eit utal ganger før, smiler Johnsen.

Stort potensiale

Dei to har stor tru på det nye formatet.

– Det blir eit paradigmeskifte i korleis ein kan få ei totaloppleving av musikken.

– Det er vanskeleg å vita kor stort dette kan blir. Her i Noreg er gjerne klassisk musikk ein smal sjanger, men på verdsbasis er det potensielt millionar av brukarar.

Perfekt innspelingsstad

At det nettopp blei BFO som blir et første symfoniorkesteret er ikkje tilfeldig.

– Dei fyllar 250 år til neste år. Difor var det naturleg å gjera dette med dei.

– At det blei innspeling i Oseana skuldast mellomanna at Greighallen blir pussa opp i disse dagane.

– Men når det kjem til stykket så var faktisk Oseana betre.

– Lydmessig er huset heilt på høgde med Greighallen, men lysmessig hadde vi ikkje klart å gjera tilsvarande der, avsluttar Johnsen.

Musit er òg selskapet som står bak MusicDelta som Oseana nyttar i Friskkunst-prosjektet for skulane i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.