Lokal | 18. des. 2017

Gamle-Nansen i Os hamn

Nei, det har ikkje med bølgebrytarane å gjera.

Gamle-Nansen i Os hamn
«Kristine Bonnevie» låg i Os hamn måndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. des. 2017 09:39

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Måndag morgon segla «Kristine Bonnevie» inn i Os hamn.

Forskingsskipet har i 22 år segla som «Dr. Fridtjof Nansen», men fekk nytt namn og var gjennom omfattande oppgradering etter at ny Nansen blei bygd.

• Les òg: Nye Nansen innom Bjørnafjorden (januar 2017)

– Vi måtte innom for Kalle Brattholmen var tom for tobakk, seier skipper Tom Ole Drange og ler.

Han spøker med kollegaen og sambygdingen sin på det som er Kalle sitt siste tokt etter 33 år for Havforskningsinstituttet.

– Neida, vi ventar på noko utstyr som kjem med taxi frå Bergen, ei kule som vi treng til kalibrering av ekkoloddsvingarar, forklarer Drange.

Vil ikkje risikera å skada Sjøfront-brygga

I utgangspunktet ville han legga til ved Os Sjøfront, der blant anna Statsraad Lehmkuhl har lagt før. Statsraaden er både lengre og tyngre enn Kristine Bonnevie, men Drange tok likevel ikkje sjansen.

– Eg vil ikkje risikera å skada skjørta på brygga, så vi ankrar no opp ved Sandholmane og sender lettbåt inn etter utstyret når dette kjem frå Bergen.

Testar trålen i Bjørnafjorden

Mens nye «Dr. Fridtjof Nansen» no er utanfor Cape Town, er det to forskingsfartøy i Bjørnafjorden.

– «G.O. Sars» er på oppdrag for Statens vegvesen i samband med planlegging av bru over Bjørnafjorden, mens vi berre testar utstyr.

– I går trålte vi utanfor Våge, med fin maske, for å testa utstyr som andre fartøy seinare skal køyra utanfor Island og Grønland etter blant anna krill, fortel Drange.

«Kristine Bonnevie» blir liggande ei stund utanfor Os, før dei skal kalibrera ekkoloddsvingarane.

– Skipet har til saman segla ein avstand som tilsvarar 40 gongar rundt jorda, fortel NRK i dette tilbakeblikket før ombygging og namneskifte.

Om «Kristine Bonnevie»
Bygd ved Flekkefjord Slipp og Maskinfabrikk i 1993.
Lengde: 56,75 m
Breidde: 12,5 m
Tonnasje: 1444 brt
Besetnad: 33 (av desse; mannskap på 14 personar)
Maskineri: 2.717 Bhp diesel

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.