Denne brua (innfelt) ved Unik i Landboden er no vekke, ifølgje tipsar. I etterkant viser det seg at brua er der likevel. (Lesarbilde/Midtsiden arkiv)

– Gangbru tatt av Oselvo?

Flaumen skaper problem i trafikken, i Oselvo og i Os sentrum. Brannvesenet har dessutan sendt dykkarar til ferje i Kvinnherad.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fleire vegar i fylket er stengde eller hindra grunna flaum etter store nedbørsmengder, melder BT.no i denne oversikta over trafikken i Hordaland.

• Les òg: Fiskebutikken Isfisk stengt grunna flaum

På Osterøy er ei kvinne omkomen etter at det gjekk eit jordras inn i ein bustad.

På E39 Byvegen går trafikken svært sakte grunna overvatn på Kalandseid nær krysset til Bontveit, ved Pøylo i Lysefjorden kan det på full flo klokka 13.15 i dag òg bli problem.

• Har du tips eller bilde send til tips@midtsiden.no.

Skaper problem i Os

Lokalt i Os har både teknisk eining og Os brannvesen alle pumper klare.

– Det er så mykje overvatn no at det er ei utfordring for kloakken, seier teknisk vakt Robert Hatvik Flister til Midtsiden.

I Os sentrum fossar vatnet opp i Landboden. Eit bygg med næringslokale og bustad har tatt inn vatn. Her har brannvesenet vore og løfta møblar opp på klossar.

– Det er førebels ikkje så mykje meir å gjera, det er framleis venta meir vatn, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Gangbru kan vera tatt av Oselvo

I Oselvo rett ovanfor brua frå Landboden til Finnebrekka har ei gangbru som går ut til ei lita øy ved Unik blitt tatt av Oselvo, som no er svært høg.

– Berre litt av gangbrua står igjen, kvar resten er blitt av veit eg ikkje, seier ein tipsar.

– Dette er nytt for oss. Vi stikker ut og ser om gangbrua skaper problem i elva eller i hamna, seier varabrannsjefen.

OPPDATERT: Nokre landgangar og liknande er tatt av elva, men bruene står der framleis, får Midtsiden opplyst av fiskar.

Sendte dykkarar til Kvinnherad

Då Norled-ferja MF Hordaland i dag tok inn vatn sendte Os brann- og redningsteneste dykkarar til Kvinneherad.

Ferja mellom Hatvik og Venjaneset blei klokka 08.48 framskynda grunna utrykkinga til dei tre dykkarane frå Os.

– Ferja ligg til kai på Varaldsøy og dykkarane våre jobbar no med å hindra at ferja går ned, fortel Monsen.

BT.no følgjer redningsarbeidet på Varaldsøy.