Tidlegare Os-trenar Kenneth Husebø startar opp minihandball i Søre Neset IL (foto: Andris Hamre)

Starter minihåndball på Søre Neset

Mangeårig handballtrenar Kenneth Husebø gir seg med herrene til Os. No blir det seksåringar i den nystarta handballgruppa på Søre Neset som gjeld.

Av: Andris Hamre

Kenneth Husebø har dei tre siste åra hatt ansvaret for handballherrene til Os i 3. divisjon. Før det har han vore trenar for ulike lag i Os Turn i omlag 20 år. Heilt sidan han byrja trenarkarriere som 16 åring. Etter denne sesongen er det slutt på Kuventræ, men å gje seg med handball var uaktuelt.

– No er eldstejenta blitt så gamal at ho kan byrja å spele handball. Eg hadde jo heilt sikkert blitt med om ho hadde starta i Os eller på Nore Neset, men tenkte at Søre Neset er jo eit så godt fungerande idrettslag med både volleyball og fotball, at kvifor ikkje starte med handball her ut. Heldigvis var styret med på den tanken, seier Kenneth Husebø.

Treningar på Lunde

Husebø ser for seg å starta med minihandball for seksåringar.

– Klubben har tilgang på treningstider i gymsalen på Lunde barneskule, så til hausten starter vi opp der. 

– Kanskje er det nokre av dei som allereie speler fotball på Søre Neset, som har lyst til å spela handball på vinteren. Erfaringa mi etter mange år i Os, er at spelarane berre har godt av å drive med begge idrettane. Det gavner begge idrettane berre positivt.

Håper på hjelp

Den gamle ostrenaren er førebels aleine om å starte opp handballgruppa, men håper på hjelp.

– Det blir ein stor overgang å skulle trene seksåringar i staden for herrelaget. No er det nok ikkje så stor forskjell på herrespelarane og dei små, men litt meir hjelp til å halde styr på dei treng eg nok. Ikkje minst blir det spennande å byrje heilt på scratsh, med spelarar som aldri har tatt i ein handball før.

– Det er mange "gamle" handballspelarar som har flytta ut på Halhjem, kor eg sjølv bur, så eg håper jo sjølvsagt at nokre av dei vil vera med å ta i eit tak. Det håper eg forøvrig andre foreldre også vil gjera. Dei treng ikkje kunne handball, men om dei kan bidra på andre måter, så er det fint.

– Eg håper vi saman kan skape eit trygt og godt miljø for ungar som har lyst til å spele handball på Søre Neset, avsluttar Husebø.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.