Lokal | 30. okt. 2017

Går i «skyen»

Bjørnafjorden kommune • Vil legga alle kommunale datasystem til ekstern housing-leverandør.

Går i «skyen»
Kommunen skal styrka dei digitale løysingane. Her testar rådmann Christian F. Fotland ei digital tavle på Lunde barneskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 30. okt. 2017 12:01

Eitt av dei sentrale områda i samband med kommunesamanslåinga er ein meir effektiv og samkøyrd drift av datasystema i dei to kommunane.

Førre veke sa fellesnemnda ja til å henge seg på Bergen kommune si offentlege anskaffing av housing-tenester, som eit tillegg til lokale datasenter.

– Dette handlar først og fremst som sikkerhet, når vi skal bygga Bjørnafjorden kommune. Det er ein fantastisk moglegheit for oss til å gå i skyen og vi slepp å gjera det aleine, forklarte rådmann Christian F. Fotland.

Treng 5-10 kvadratmeter i fjellhall

Bergen kommune er i ferd med å bygga opp redudante datasenter, kor eit datasenter er kommunen sitt eige og det andre ligg hos ein ekstern leverandør av housing-teneste.

– Bergen kommune sine serverar og IKT-infrastruktur vil då lokaliserast hos den eksterne leverandøren, medan leverandøren leverer rom som er sikra naudsynt tilførsel av strøm, kjøling og telekommunikasjon. Ei avtale om housing-tenester vil då innebere leige av disponibelt areal med tilhøyrande tenester. Kommunen vil framleis stå for den operative drifta.

– Bergen skal leige omlag 100 kvadratmeter for heile Bergen kommune. Vi treng kanskje mellom fem og ti kvadratmeter for våre rack. Stipulert kostnad er langt lågare enn det vi har i dag. Dette er sikrare, meir framtidsretta og billegare, hevda rådmannen.

I dag har dei to kommunane kvart sin serverpark i tilknyting til kommunesentra.

– Vi er sårbare med dagens system, slo Fotland fast.

Fleire vil med

Rådmannen kunne fortelja at Nordhordlandskommunane har bygd opp eit svært datasenter for 11 kommunar og at dei truleg ikkje blir med, men både Fjell og Askøy har gjeve positive signal.

– Eg reknar med at fjellhallen ligg i Noreg, kommenterte Lars Erik Dalland (H).

– Ja, det gjer den. Det er i allefall to slike fjellhallar i drift i dag på Vestlandet. Ein på Rennesøy og ein i Måløy.

– Må gjera rette val med ein gong

Mikael Leigland (Sp) peika på at det var viktig å ta dei rette vala.

– Eg er oppteken av at flest mogleg kommunar går for det same. Vi har gjort val som kunne vore gjort annleis tidegare i tiden. Det gjeld både val av programvare og kartløysingar. Det er viktig at vi gjer rette val med ein gong. Der synes eg KS har vore fråverande.

Rådmannen delte Leigland sitt syn og fortalde at ein i tillegg til å bli med Bergen på innkjøp av housing-tenester har starta arbeidet med samkøyring av velferdsteknologi i dei to kommunane.

– Os og Fusa er òg med i det regionale prosjektet. Der skal vi i møte i morgon (fredag sist veke, journ.mrk) og underteikna samarbeidsavtalen. Vi går inn med 500 000 kroner kvar, saman med dei andre kommunane. Tilsaman stiller kommunane med 2,5 millionar, i tillegg går fylkesmannen inn med 2,5 millionar, slik at ein har ein startkapital på 5 millionar.

– Det skjer ufatteleg mykje på dette området. Eg har ikkje kompetansen som trengs, men skjønner det er viktig. Det eg har forstått er at integrasjon mellom systemer er den største utfordringa. Med dette samarbeidet blir alle tvunget til å legga inn løysningane i den nasjonale plattformen. Det gjer at alle krav som ligg til kommunesektoren blir ivaretatt.

– Bergen er fantastisk på tilbodsiden i dette og stiller med arkitekturkompetanse. Det gjer at vi får tilgang til 15 fulle årsverk. Vi får det ti-doble tilbake på dei 500 000 vi går inn med, meinte Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.