Lokal | 04. juni 2014

Går for interkommunalt tilsyn

Kritisk miljømann til interkommunalt miljøsamarbeid. Terje Hatvik (V) skeptisk til felles tilsyn i forureiningssaker.

Går for interkommunalt tilsyn
Terje Hatvik (V), her på talerstolen i kommunestyret, var kritisk til det interkommunale samarbeidet om tilsyn etter forurensningsloven (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 04. juni 2014 12:54

Formannskapet handsama tydag spørsmålet om kommunen skulle gå i eit interkommunalt samarbeid med seks av dei sju andre BIR-kommunane. Det interkommunale samarbeidet skal ta hand om kartlegging, tilsyn og oppfølging av forsøpling etter forurensningsloven.

– Eg slit med denne saka. Kvifor ikkje berre bruke fylkesmannen si miljøvernavdeling.

– Er det berre ei tilleggsfinansiering av bossuget i Bergen, undra Terje Hatvik.

– Nei, det har ingen verdensting med bossug å gjera overhovudet.

– Det blir eit sjølvkostopplegg basert på at dei kommunene som er med betalar inn ein sum i forhold til tilsynet som blir gjennomført, presiserte ordførar Terje Søviknes (Frp).

Ikke rett å nytta brannvesenet

Rådmann Knut Terje Rekve freista å gjera saka litt klårare.

– Dette handlar om den delen av forureiningslova som ligg hjå kommunene.

– Fylkesmannen si miljøvernavdeling skal føra tilsyn med at vi gjer det tilsynet vi skal gjera, så dei kan vi ikkje nytta.

– Til no har vi nytta brannvesenet sin kapasitet, men det blir meir og meir krav til metodikk og system. Difor gavnar det ikkje oss å nytta brannvesenet.

– Då blir dei forureiningsmynde i staden for brannfolk.

– Difor har vi lyst å freista eit interkommunalt samarbeid, som vi når som helst kan trekkje oss ut av, om det ikkje fungerar, forklarte rådmannen.

Kan du stola på dine eigne?

Hatvik var framleis ikkje heilt nøgd.

– Det vil alltid vera behov for å rydda boss og føra tilsyn. Spørsmålet er om ein interkommunal modell under BIR er den rette.

– Det er ei prøveordning, men har vi noke tilsynsordning med at ein får gjort dei oppgåvene som skal gjerast. Vi på passa på det òg.

– Kanskje er det litt påfallande at eg som venstremann stiller kritiske spørsmål i ei miljøsak, men ein kan ikkje stola på sine egne heller, sa Hatvik med eit glimt i auga.

Maktar det ikkje aleine

Rekve forklarte at det heile starta med at kommunane stakk hovuda saman.

– Kommunane er pålagte eindel forvaltningsoppgåver i høve forureiningslova.

– Ein kan sjølvsagt stilla spørsmålsteikn om dette er vegen å gå, men desse oppgåvene må kommunane løysa.

– Difor tilrår vi å gå inn i prøveordninga. Om vi ikkje er tilfreds, så trekk vi oss berre ut. Ordninga skal evaluerast etter to år.

– Då blir det viktig å få sett kva ein har fått gjort noko med.

– Slik det er no er det rett og slett mykje på dette området vi ikkje maktar, forklarte Rekve.

Kommunane som no skal gå saman i ordninga, om dei respektive kommunestyra vedtek det, er Askøy, Fusa, Kvam, Os, Osterøy, Samnanger, Sund og Vaksdal.

Oppgåvene utføres av BIR AS, som skal drifta eit felles kontor for å utføra dei kommunale oppgåvene etter forurensningsloven. Ordninga er eit toårig prøveprosjekt med oppstart 1. januar 2015.

Sjølv om Hatvik var kritisk, stemte samtlege i formannskapet for å tilrå kommunestyret å gå inn for ordninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.