F.v.: Odd Arne Larsen, Tor-André Skeie og Jan Frode Skeie med den nye profilen og det nye namnet dei no skal gå riksdekkande med. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Går nasjonalt med ny kjede og ny investor

100 mill i fersk kapital: MX Sport-butikkane i Os og bergensområdet skiftar namn. Eigarane av den nye kjeda har riksdekkande ambisjonar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mars i år kjøpte Odd Arne Larsen og brørne Tor-André og Jan Frode Skeie frå Os MX-kjeden sine 50 prosent av aksjane i MX Sport Bergen Holding AS. Eigarskapen til kjeda Sport Outlet, som torsdag opna sin butikk nummer 36 på Nesttun, hadde dei frå før full kontroll på.

Men korleis vil dei gå vidare med dei seks MX Sport-butikkane Os, Laguneparken, Åsane, Sletten Senter, Askøy og Sotra?

– Så snart vi hadde fått hand om alle aksjane, og det var klart at vi skulle ut av MX Sport-kjeda, kom det fleire friarar på døra. Dei fleste store, riksdekkande kjedane har vore i kontakt med oss, fortel Odd Arne Larsen.

Men Larsen og Skeie var verken interesserte i å flytta til Bahamas med velfylt bankkonto eller å sitja i passasjersetet i sportskonseptet dei sjølv har bygd opp frå starten på 90-talet.

– Saka er sånn at vi trengte ikkje gjera noko som helst. Alle selskapa våre går godt, det einaste vi hadde behov for var å finna eit nytt namn til dei seks MX Sport-butikkane. Den jobben var heller ikkje enkel, vi føler MX Sport er eit namn mange har positive assosiasjonar med i vårt område, seier Jan Frode.

Det nye namnet

Forslaga til nytt namn var mange i løpet av den over to månadar lange prosessen eigarane har vore gjennom.

– Fleire av forslaga handla om Vestlandet, forståeleg nok. Vi har vore opptatt av lokal forankring og vi har, til no, halde oss i bergensområdet.

– Andre var meir spissa, noko vi vil vera varsame med. Vi er, og skal halda fram med å vera, ein kjede av butikkar med kvalitetsvarer for heile familien.

Det nye namnet er Sport Norge.

– Vi rettar oss mot det typisk norske, både tur, mosjon, leik og trening. Vil du sykla Bergen-Voss finn du sykkelen hos oss, men om du absolutt vil sykla på ein tohjuling til 70.000 kroner, så blir det nok bestillingsvare. Hos oss skal du framleis finna kvalitetsvarer i ulike prisklassar, med stort utval innan sko og tekstil, ski, sykkel og friluftsliv, mosjon, klubb og heimetrening.

– Golfutstyr, hockey og rideutstyr let vi spesialistane ta seg av. Samtidig har vi lokal tilpassing av utvalet i kvar butikk.

Eigarane har, i periodar, snakka om korleis dei kunne konkurrert mot dei store, riksdekkande kjedane. Tidlegare fekk dei styra butikkane i bergensområdet som dei ville, men no står dei hakket friare, ikkje minst når det kjem til ekspansjon.

100 ferske millionar

No blir det alvor av ekspansjonsplanane. Larsen og brørne Skeie, som i vår samla Sport Outlet, MX Sport-butikkane og importselskapet Elements Production under holdingsselskapet Invent Sport, har ikkje berre hatt friarar som vil kjøpa heile sportseventyret frå Os og Fana.

– Vi har kome i kontakt med investeringsselskapet Icon Capital, som både forstår korleis vi jobbar og kva vi vil. Dei kjem inn med over 100 millionar kroner til satsinga vår. Vi satsar med alle selskapa, men det er i Sport Norge vi no skal investera mest.

– Vi skal veksa i fornuftig tempo, seier Larsen og Skeie, som reknar med å ha 20-30 Sport Norge—butikkar i utgangen av 2018.

Dagens eksisterande 36 Sport Outlet, som truleg passerer 40 i år, kjem utanom Sport Norge-satsinga.

– Sport Norge er kjeden av fagforhandlarar, lik MX Sport-butikkane våre, det er desse vi no vil få fleire av. Dette kostar pengar og vi er glade for å ha fått Icon Capital med på laget.

Dei nye medeigarane kjøper 27 prosent av aksjane i Invent Sport AS. Larsen og Skeie-brørne har dermed framleis begge nevane på rattet.

Tar opp kampen mot «dei fjernstyrte»

Det er ikkje berre store kjedar som har banka på døra med ønskje om å kjøpa butikkane, det har òg vore grupperinger av eigarar av sportsbutikkar i andre kjedar på besøk.

– Med Sport Norge kjem vi til å starta eigne butikkar og vi kjem til å overta andre. Men det handlar ikkje om å bli stor, vi vil ha levedyktige butikkar med lokal tilpassing og lokal medeigar som butikksjef.

Her vil fagforhandlarane bruka malen frå Sport Outlet, lågpriskjeden har gjort suksess med lokalt eigarskap.

– Vi har lenge hatt inntrykk av at den riksdekkande sportbransjen er bygd opp på ein feil måte. No går vi i konkurranse med dei fjernstyrte butikkane, noko vi har lykkast med i Bergen. Her har vi tilsette som får grundig teoretisk og praktisk opplæring innan alle varene i utvalet, folk som har vore med frå start, engasjerte kollegaer som formar gode arbeidsmiljø, frå deltidsnivå til butikksjefar.

– Eksisterande butikkar som vil inn i kjeda vår vil få tilgang på alle merke, med hovudfokus på nordisk produksjon, konkurransedyktige prisar og ein kompakt og velfungerande kjedeadministrasjon. Her blir det ikkje eit dyrt mellomledd, som grossistane og kjedane ofte er, vi skal tena pengar på overskotet til butikkane, noko som den lokale eigaren har utbyte av. Det fører til at vi saman bygger gode bedrifter og trygge arbeidsplassar.

MX Sport-skilta blir den komande veka dekka over. I løpet av september er det full omdekorering og opningsfest i kvar butikk.

Komande milliardkonsern

Invent Sport er frå før, med god margin, det største selskapet i Os kommune, og er venta å landa på ein samla omsetnad på 700 millionar kroner i 2017.

Med ekspansjonsplanane kan dei i løpet av få år bli første selskap i Os som passerer milliarden i omsetnad.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.