midtsiden

Går for ny pers

Sundag går kappgjengaren Joakim Sælen frå Nore Neset for ny personleg rekord i nordisk landskamp.

Av: Andris Hamre Onsdag, august 25, 2010 - 10:33

I helga gjekk Joakim Sælen inn til ny personleg rekord på 5000 meter kappgang med tida 23.45.94 under senior-NM i Sandnes.

For omlag to veker sidan fekk han beskjed om at han skal representera Norge under Nordisk landskamp/Nordisk mesterskap for friidrett i Akureyri på Island.

17-åringen frå Nore Neset har tidlegare representert Norge på nordiske landskampar for kappgang, men det er første gongen han er teken ut til ein landskamp i friidrett.

- Det blir nok litt større å delta på dette stemnet enn dei eg har delteke på tidlegare, seier den unge kappgjengaren til Midtsiden.no

- Det er meir som skjer og litt større forhold enn det eg er vant til når det "berre" er kappgjengarane som konkurrerar fortel Joakim Sælen.

Tøff konkurranse
- Eg kjenner ikkje tidene til dei to eg skal konkurrere mot, men eg reknar med at det blir ei tøff konkurranse, seier Joakim.

- Eg er i god form og uten skader, så klarar eg å sette ny personleg rekord igjen skal eg være nøgd, avsluttar Joakim Sælen.

Joakim representerer til dagleg TIF Viking. I følge friidrettforbundet sine heimesider stiller Norge med eit sterkt lag i kampen mot Sverige, Finland og eit kombinert lag frå Island/Danmark.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11