Lokal | 16. mars 2018

Går på fram, men eitt resultat uroar

Skulane i Os skårar stadig betre på dei nasjonale prøvene, men eitt resultat uroar administrasjonen.

Går på fram, men eitt resultat uroar
5. trinnet skårar betre på i alle dei tre faga når ein ser resultata samla for skulane i Os kommune (ill. UDIR)
Andris Hamrefredag 16. mars 2018 09:48

I tenesteutvalet onsdag fekk politikarane presentert resultata frå dei nasjonale prøvene på 5., 8. og 9. trinn på skulane i Os.

Samla sett viser resultata at det går rett veg.

– 50 er gjennomsnittet. Ei søyle som ikkje er så "sidrompa" viser at det er eit godt resultat, oppsummerte Signe Christensen, skulefagleg rådgjevar i Os kommune.

Nøgd, men...

Christensen fortalde at skulane har vore svært atterhalden med å gje elevar fritak frå dei nasjonale prøvene, noko som syner att på statistikken.

– Vi må vera nøgd med resultata på lesing, men vi har framleis for mange på nivå 1. Det er veldig stort sprik mellom skulane og det uroar meg veldig. På ein av skulane våre er det krise med over 40 prosent på meistringsnivå 1. Vi er i dialog med skulen for å freiste å finna ut kva som er grunnen.

– Difor er vi litt gnitne med å komma med skuleeigars resultat fordi det stemmer på totalen, men ikkje på den einskilde skulen, forklarte Christensen.

Lesing viktig

Nettopp lesing er sentralt og viktig også i dei andre faga, som til dømes rekning.

– I rekning på 5. trinnet, så er berre ei av oppgåvene ei rein rekneoppgåve. Alle dei andre oppgåvene er tekstoppgåver eller oppgåver kor elevane skal lesa tabeller. Det at vi har satsa såpass mykje på lesing kan vera ein av grunnane til at vi har løfta resultata også på rekning.

Sjå resultata frå dei nasjonale prøvene her

Digitalisering, ikkje berre eit gode

Undervisningsinspektør ved Lysekloster barneskule, Lars Tore Johannessen, fortalde korleis skulen jobbar med gjennomføring og evaluering av resultata.

– I år var, for første gang, alle prøvene digitale. Det ser vi både på resultata og gjennomføringa. Vi ser at det er vanskelegare å gjennomføra på skjerm. Blir det kjedeleg eller det er noko dei ikkje forstår, så sveipar dei fort vidare. Dette er ein ny måte å læra på og å jobba på, som vi må ta inn over oss.

– Vi ser óg mange elevar som prøver å "lura" datasystemet med å bruke tid på oppgåvene, uten at det gir kvalitetsmessig eit betre resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.