Kultur | 12. juli 2017

– Går rimeleg greitt

Video: Osfest er i rute. – Vi ser lyst på det. Det er nok den beste Osfest vi har laga nokon gang, seier Tor Egil Hylland.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 12. juli 2017 13:17

Om berre éin måned går Osfest 2017 av stabelen på grusplassen med artistar som Julie Bergan, Madcon, Jesper Jenset og TNT.

– Vi jobbar kontinuerleg med førebuingane. Det går rimeleg greit, vi har rutinane og strukturen i organisasjone meir og meir på plass, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Treng framleis frivillige

I år har ein kutta ut VIP-teltet og komprimert sjølve festivalområdet. Det gjer òg at ein treng færre frivillige, men ein er framleis ikkje i mål.

– I fjor var vi 370 frivillige, i år treng vi omlag 250. Per i dag har vi 190 på listene, mange av dei nye. Så er det nokon som vil hjelpe til er det berre å melda seg.

Fokus på det viktigste

Etter fjoråret har festivalleiinga lært.

– No har vi fokus på dei viktige tinga. Vi har den store scenen og topp artistar med seks konsertar både fredag og laurdag. Ein av tinga vi også har kutta ut er festivalcruisa.

– Eg ser lyst på årets festival. Dette er den beste Osfest vi har laga nokon gang, avsluttar Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.