Sport | 11. juli 2009

Går til Åsane

Geir André Bøyum ser ikkje ut til å koma tilbake til Os med det første.

Går til Åsane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. juli 2009 22:32

Osingen og Os-spelaren Geir André Bøyum flytta til Drammen i fjor sommar, og byrja då å spela for 3. divisjonsklubben. Men sidan årsskiftet har han signalisert at han vil flytta vestover igjen, og koma tilbake i A-stallen til Os.

Først var det snakk om å koma heim til kampane om våren, før han til sommaren flytta heim og kunne vera med på trening, men dette blei ikkje noko av. Og no når han flyttar heim blir det heller ikkje aktuelt å sjå han i gult og svart.

- Vi er einige om ein kontrakt som går ut denne sesongen og eitt år til, seier sportsleg leiar i Åsane Fotball, Trond Bjørndal til Bergensavisen laurdag.

- Dette var nytt for meg då eg leste det i avisa i dag. Det er ei stund sidan eg har vore i dialog med Bøyum, og eg har ikkje lukkast med å nå han på telefon den siste tida, seier Os-trenar Frank Hellevik til midtsiden.no.

Midtsiden har ikkje lukkast i å nå sportsleg leiing i Os for avklaring om avtale mellom Os og Konnerud når det gjeld Bøyum. Vi har heller ikkje fått tak i Geir André.

Dersom Bøyum er på utlån til Konnerud er det berre ved proffkontrakt han kan frigjerast utan dialog med Os, men det skal ikkje vera snakk om proffkontrakt med den oransje 2. divisjonsklubben.

Sundag fekk vi ein prat med både Bøyum og Arne Hitland frå Os Turn Fotball. Det viser seg at Geir André likevel ikkje går til Åsane, han blir nemleg buande i Drammen eit år til, og held derfor fram med å spela for Konnerud. Les meir her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.