Lokal | 03. des. 2013

Går for utviding av Kuventræ

I dag er budsjettet for 2014 oppe i formannskapet. Koalisjonen Frp, Høgre, Venstre og KrF går for utviding av Kuventræ skule allereie neste år.

Går for utviding av Kuventræ
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. des. 2013 09:26

Fleire skular i Os har kapasitetsproblem og forslaget i rådmannen sitt framlegg til budsjett, å bussa nokre elevar frå Os til Søfteland skule, har skapt diskusjon og mykje motstand.

I dag la Frp, Høgre, Venstre og KrF fram sitt budsjettframlegg, og kaolisjonen, som har stort fleirtal i kommunestyret, går for å utvida Kuventræ skule allereie neste år.

– Veksten i sentrum og det store 2008-kullet gjer at vi må handla raskt. Vi har valt å følgja skulebruksplanen og realisera utviding av Kuventræ med fullverdig toparallellar i 2014, sa Søviknes i dagens møte i formannskapet.

– Dette er den mest robuste løysinga på sikt.

Koalisjonen ser på Os, Kuventræ og Lunde som éin skulekrins. Det betyr at for eksempel ungar frå Hjelle kan hamna på Kuventræ skule i staden for Os.

– Enkelte må vera fleksible, men no unngår vi bussing ut til andre skular lengre vekke. Alle skal få plass på ein av sentrumsskulane, Os Kuventræ eller Lunde, hausten 2014.

460 kvadratmeter til 10 millionar

Investeringskostnad (4 klasserom m/garderobar og fellesareal) ved Kuventræ skule er rekna til 10,5 millionar kroner for i alt cirka 460 kvadratmeter tilbygg.

Med denne løysinga aukar driftskostnaden med rundt 500.000 kroner i 2014 (1 mill kr i heilårsverknad). Ramma til området oppvekst og kultur blir auka tilsvarande.

Støttar firarbanden

– Det er veldig hyggeleg å sjå at vi kan ordna dette ved å bygga ut på Kuventræ, så kan elevane gå på sin nærskule der, seier Jon Sivert Rykkel (V).

Venstre kom i lesarinnlegg med forslag om dette for ei god veke sidan.

– Eg støttar firarbanden sitt framlegg. Dette er så likt det vi sjølv ville ha presentert at vi ikkje legg fram eige forslag, seier Eirik Neverdal (TvS).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.