Lokal | 26. nov. 2015

Gav blaffen i pålegg

Bil sperra Ole Bulls veg på glatten og ein førar som blei stoppa i kontroll mangla utbetringar frå sist vedkomande blei stoppa.

Gav blaffen i pålegg
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. nov. 2015 08:08

Onsdag i 22-tida hadde politiet trafikkontroll på Byvegen, med fokus på dekk, då det var svært glatt ute.

Les òg: Minst fire uhell på glatten

– Éin fekk mangellapp, ein annan blei meldt for brot på tidlegare gitt pålegg, fortel fungerande politioverbetjent Rune Fimreite.

Det blei også meldt om fleire uhell på glatten etter at Midtsiden i går kveld meldte om minst fire som køyrde utfor eller kolliderte.

I 23-tida var det ein bil som bulka på Ole Bulls veg over Søvikåsen. Bilen sperra vegen og var ikkje køyrbar. Den hadde skadar i fronten, men blei taua vekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.