Lokal | 16. nov. 2014

Gav blaffen i vegsperring

Ikkje alle er interesserte i å venta på at Søvikåsen skal bli ferdig sikra mot ras.

Gav blaffen i vegsperring
To bommar sperrar Søvikåsen grunna rassikring. Minst éin av dei er i helga broten opp. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. nov. 2014 19:00

Måndag 11. november skulle Ole Bulls veg over Søvikåsen ha opna, etter sju veker stenging grunna rassikring av vegen.

Men funn av ei stor steinblokk som måtte sprengast ned gjorde at opninga av vegen er utsett til rundt 1. desember, men sperringa er det tydelegvis ikkje alle som har respekt for.

Midtsiden mottok søndag eit bilde med tips om at nokon i løpet av helga har brote opp bommen og truleg kjørt inn på den sperra vegen.

– Det kjenner vi ikkje til, men vi vil ut i kveld og sjå på saka, seier teknisk vakt i Os kommune.

– Vegen var fysisk sperra tidlegare i veka, etter sprenginga av blokka, men det er mogleg at det no er fysisk mogleg å kjøra gjennom. I så fall må vedkomande ha brote opp begge bommane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.