Lokal | 24. juni 2016

Gav Gibraltar gass-råd

Brannvesenet i Os gav onsdag brannvernmynde i Gibraltar råd om korleis tenkje beredskap i høve LNG-anlegg.

Gav Gibraltar gass-råd
Stein Gjøsund og Martin Østgulen Svendsen nærast kamera i videokonferanse med brannmynde i Gibraltar saman med Gassnor (privat foto)
Andris Hamrefredag 24. juni 2016 11:52

Onsdag blei brannsjef Stein Gjøsund, branningeniør Martin Østgulen Svendsen og utrykningsleiar Kjersti Mellingen invitert til Shell/Gassnor i Solheimsviken for å rådgje brannvernmynde i Gibraltar.

– Dei er i ferd med å byggja eit gasskraftverk som skal laga straum til heile Gibraltar ved hjelp av LNG-gass og ba om å bli satt i kontakt med nokon som hadde erfaring med beredskap rundt gassanlegg og oppbevaring.

– Os brann- og redningsvesen som har anlegget ute på Halhjem som driv ferjene mellom Os og Stord blei difor invitert til å fortelje om våre erfaringar, fortel Gjøsund.

Stor tiltru

Dette er ikkje første gang at brannvesenet i Os blir brukt som kompetanse. I mai 2013 kom New York Fire Department til Os og Halhjem for læra.

– Det er kjekt å sjå at kollegaer rundt i verda har registrert at vi har denne kompetansen i Os og at dei vil snakka med oss for å læra. I den video-konferansen vi hadde med Gibraltar opplevde eg at dei har stor tiltru til oss og den kompetansen vi sit på. Vi inviterte dei opp her på ein studietur, så det er ikkje umogleg at vi får ein nærare prat med dei, fortel Gjøsund.

Nyttar eksisterande materiell

Gjøsund fortel at det ikkje er den store forskjellen på å tenkje beredskap i høve LNG andre type brannar.

– Det handlar om å nytta eksisterande materiell, men i nye situasjoner. Det er det eg opplevde dei var usikre omkring, og ville høyre med oss korleis vi jobbar og tenkjer. Grunnopplæringa deira dekkjer det dei treng kunna, men dei treng berre kobla det opp mot det nye anlegget, avsluttar Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.