Kultur | 23. sep. 2016

Gav ungdommen ein vekkar

Hachim rana ungdom i Oslo. Fredag hadde han hovudrolla då BIFF besøkte Os.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 23. sep. 2016 13:08

Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) har i år lagt ein satelitt til Os og Oseana. Fredag formiddag var elevar frå Os vidaregåande skule, Os Gymnas og Fusa vidaregåande skule samla til tre filmframsyningar, mellomanna Barneraneren, ein film om ein gutegjeng på Oslo aust som rana jamnaldrande.

Hovudrolleinnhavar Hachim og regissør Jon Haukeland var blant dei som møtte ungdommane etter framsyninga.

– Ungdommane skal sjå kva vi har gjort feil og lære av det. Vi vil ikkje at dei skal gjera dei sama feila. Det er hovudbodskapet, fortel Hachim.

Filmen blei godt motteken av elevane, som også fekk med seg filmane Flukten og Til månene med bestefar.

Tre opne filmar

Den siste filmen blir også vist som ein open film for Ospublikummet før filmkvelden held fram med Weiner (klokka 18) og Den alvarsamma leken (klokka 20).

Weiner

Is that a WEINER in your pocket?

Alt såg ut til å gå på skinner for Anthony Weiner: Han vart sett på som ei stigande stjerne i amerikansk politikk, utmerka seg som demokratisk kongressmedlem, og hans tilsvarande briljante politikarkone Huma Abedin venta deira fyrste barn. Då ei rekkje pinlege bevis på at han hadde brukt fritida si på sokalla «sexting» såg dagens lys, var skandala imidlertid eit faktum, og Weiner si politiske karriere rakna fullstendig.

To år etter han trakk seg tilbake frå offentligheita bestemmer den ukuelege optimisten seg like fullt for å stille til val som ordførar i New York, og i denne dokumentaren får vi følgje den strabasiøse ferda hans mot ein ny sjanse i politikken.

Da regissørane Elyse Steinberg og Josh Kriegman bestemte seg for å lage ein film om den omstridte politikaren kan dei neppe ha ant kva for ein gylden moglegheit dei hadde ramla over. Weiner si skandaløse framferd var på ingen måte noko avslutta kapittel, og i denne underhaldande og forbløffande dokumentaren følger vi ein valgkamp som går både «Veep» og Donald Trump ein høy gang.

1t 33min

Den alvarsamma leken

Ei ny filmatisering av den store svenske nasjonalromanen!

Ikkje lenge etter at den unge journalistspiren Arvid Stjärnblom kjem til Stockholm for å arbeide i ei avis møter han Lydia Stille, som er dotter av ein kjent landskapsmålar. De to forelskar seg umiddelbart, men på starten av 1900- talet ligg ikkje forholda til rette for at to ubemidla unge menneske skal kunne gifte seg for kjærleikens skuld. Såra og forbitra inngår dei kvart sitt fornuftsekteskap og ser ikkje meir til kvarandre, før dei ti år etter møtast igjen ved ein tilfeldigheit. Tida har imidlertid ikkje lagt nokon dempar på lidenskapen deira, og dei to innleiar eit hemmeleg forhold.

Den alvarsamma leken er basert på ein roman av Hjalmar Söderberg frå 1912, og er blitt filmatisert to gongar tidlegare, sist i Anja Breien sin versjon frå 1977. Spørsmålet om kor vidt mennesket kan oppleve ekte kjærleik er like relevant i dag som for hundre år sidan, og i filmskapar Pernilla August si drakt har Söderberg sitt drama fått ei tidsriktig oppdatering, som like fullt er tru mot originalen. Ta del i haustens store kjærleiksdrama!

1t 55min

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.