Coca Cola-nissen besøkte Er-An Veikro

Gåver og klemmar til Cola-nissen

Sjå gåven frå Er-An Veikro til Coca Cola-nissen og stemninga på Røykenes då Frode Vidars song juleviser.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag kveld kom Coca Cola-nissen til Røykenes for tredje gong, og det blei første gong utan straumbrot (!).

Denne kvelden var det òg tid for dansebandet Frode Vidars sitt comeback.

Frode Sirevåg og Vidar Bratlund Mæland hadde med seg Jostein Berge på gitar. Kunstnaren Vidar hadde dessutan laga ei gåve som Er-An Veikro fekk gje til nissen.

– Det var vanskeleg å sjå for seg kva nissen ikkje har frå før, men så kom eg på ideen om å laga noko til han, fortel Mæland, som blant anna har laga skulpturen av Hysing-Dahl som blei avduka på Flesland i august i år.

Song, gåveutveksling og julemat

Oppmøtet var godt og restauranten var fullsett før Coca Cola-lastebilen kom.

Etter å ha vore ute og tatt imot bilen på parkeringsplassen gjekk gjestane inn igjen for å høyra Frode Vidars synga. Dei fekk knapt sunge ferdig «På låven sitter nissen» før Coca Cola-nissen kom ut blant gjestane og opp på scenen.

Nissen hadde med seg gåve til innehavar Linda Andersen før han sjølv fekk opna gåva med bronsemedalje forma av Mæland.

Etter gåveutveksling og helsing på gjestane, der han tok seg god tid til klemmar og selfies, fekk nissen med medhjelparar servert julemat på personalrommet, i fred og ro før neste stopp.

– Vi rekk rundt 25 besøk før jul, fortalde nissefar før han gjekk laus på medisterkakene.