Næringsliv | 03. mai 2017

Gir 500 000 for tips om tomt

Bauhaus vil etablera byggevarehus i Bergensområdet. Gir 500 000 kroner for tips om eigna tomt, areal eller bygning som fører til etablering.

Gir 500 000 for tips om tomt
Bauhaus vil etablera seg i Bergensområdet og lovar ein dusør på 500 000 for tips om tomt om det blir etablering (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 03. mai 2017 07:55

I ei pressemelding fortel byggevarehuskjeden Bauhaus at dei ønskjer å etablera byggevarehus i Bergensområdet og at dei er på utkikk etter aktuelle tomter, areal eller bygningar.

– Bauhaus gir 500 000 kroner for tips om tomter for nyetablering. Tips som kjem inn må vera reelle og føre til etablering av nytt Bauhaus byggevarehus for at dusøren skal bli utdelt.

– Vår ambisjon er å etablera fleire byggevarehus på sentrale områder i løpet av dei neste åra. Vi er på utkikk etter tomter eller bygninger med eit areal på mellom 12.000 - 20.000 kvadratmeter og frihøgde 7 meter inkludert installasjonar. Tomta eller bygningen må vera synleg ved hovudveg eller innfartsåre til Bergen, seier salssjef Vidar Thorsvik i Bauhaus Noreg.

Bauhaus er eit sveitsisk konsern som har vore i Noreg sidan 2007. Dei har i dag varehus på Liertoppen utanfor Drammen og i Vestby. Konsernet er representert i 19 land og driv meir enn 260 byggevarehus i Europa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.