Lokal | 02. sep. 2015

Gir fleire lærarar betre resultat?

– Det er stort sprik i forskinga i kva som bidreg til dei gode resultata, forklarte Line Rye då tenesteutvalet hadde møte onsdag.

Gir fleire lærarar betre resultat?
Line Rye gav ein status for prosjekt betre læringsresultat i Tenesteutvalet onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. sep. 2015 14:07

Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye var onsdag i tenesteutvalet for å gje ein status på "Prosjekt betre læringsresultat".

– Ser de noko resultat eller trend med den auka bemanninga som kom i 1. klasse. Vil det å få fleire lærarar gje betre læringsresultat, undra Arild Mads Nilsen (Ap).

– Det er stor sprik i forskinga på kva som bidreg til dei gode resultata. Det er sjølvsagt at ein må ha ei minimumbemanning, vi skal ha gode pedagogar i alle klasserom, men om det er større lærertettleik eller andre ting som skal til strides forskerane om, svara Rye.

– Vi er opptekne av å ha tilstrekkeleg fleksibilitet for å kunne gje tilpassa opplæring i klasseromma. Det betyr ikkje nødvendigvis at det skal vera flerie hender i alle klasserom. Vi har dei rammene vi har og må halde oss innenfor dei. Nettopp den fleksibiliteten er det fleire av rektorane som har rapportert at dei tykkjer er vanskeleg, fortsatte Rye.

Må bruka ressursane best mogleg

Ho fekk støtte frå Helge Olav Nygard (KrF) og Eirik André Hesthamar (Frp) som begge sit i styringsgruppa for "Prosjekt betre læringsresultat".

– Vi satt og vurderte den totale lista vi fekk frå sektoren i begynnelsen. Vi såg at det ikkje berre handla om fleire lærare, men vi har tenkt på det også – spesielt i dei første trinna. Auka lærertettleik er først og fremst eit nasjonalt anliggande. Vi må finna måter å få mest mogleg effekt av dei midlene vi har, sa Nygard.

– Hadde det berre handla om lærartettleik skulle jo Strøno og Hegglandsdalen lagt på topp, med relativt få elevar i klassene og Kuventræ på botn, men slik er det jo ikkje, supplerte Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.