Sport | 04. juli 2016

Gir ikkje opp OL-draumen

Det blir ikkje OL i Rio for Ariel Braathen. – Det er langt fram, men naturleg å sjå mot Tokyo i 2020.

Gir ikkje opp OL-draumen
Ariel Braathen nådde ikkje RIO-målet, men ser fram mot Tokyo i 2020 (arkivfoto: Wim Hetland)
Andris Hamremandag 04. juli 2016 15:13

Bildeserie:

Ariel er på plass i Ungarn, klar for jr-EM (privat foto)
Ariel er på plass i Ungarn, klar for jr-EM (privat foto)
1 av 1
Ariel er på plass i Ungarn, klar for jr-EM (privat foto)

Sommaren 2013 sa då fjorten år gamle Ariel Braathen at OL var målet. Etter det har ho nådd kvart eit mål ho har satt seg, unntatt det siste, nemleg OL i Rio i sommar.

– Det gjekk ikkje så bra i Skottland, fortel Ariel på telefon frå Ungarn, kor ho kommande helg svømmer junior-EM.

Kjende på presset

I helga som var hadde ho nemleg siste sjanse til å kvalifisera seg til Rio gjennom gode tider i det opne skotske meisterskapet kor ho svømde inn til 1.10.54 i finalen på 100 meter, 2.34.62 på 200 meter og 32.57 på 50 meter. Det held til sjuande og femte plass på dei to lengste brystøvingane. På 50 meteren hadde ho tredje beste tid, men valde å stå over finalen.

– Eg har lagt eit stort press på meg sjølv og kjente på det i Skottland. Det gjorde at eg ikkje klarte å svømme så fort som eg veit eg kan, eg blei for opphengd i tidene.

– For du har vore nede på OL-kravet på trening?

– Ja, eg svømmer fort nok på trening, men får det ikkje til på stemne. Det er nok mentalt og eg blir forstyrra av at eg så gjerne vil klare tidene, oppsummerer Ariel.

Ser fire år fram

Sjølv om ho er skuffa over ikkje å ha klart det store målet for sesongen klarer det no 17 år gamle svømmetalentet å sjå framover.

– Neste OL, i Tokyo i 2020, er eit naturleg nytt mål. Men fire år er lenge. Det er langt fram.

– Men OL-draumen gir du ikkje opp?

– Nei, sjølv om eg er skuffa no, så lever den.

Lyst til å svømme betre

Foran jr-EM har ho ikkje dei heilt klare målsettingane resultatmessig.

– Eg har berre lyst til å svømme betre enn det eg gjorde i Skottland. Eg tek det som det kjem og skal prøve å ikkje tenkje så mykje på tider og i staden prøve å få til dei rette tinga. Klarer eg det, så blir det eit bra sluttresultat, avslutter Ariel Braathen ipå telefon frå Hodmezovasarhely i Ungarn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.