Sport | 10. apr. 2018

Gir seg som Varegg-trenar

Laurdag er det seriestart, i går fekk spelarane beskjed om at dei likevel ikkje blir leia av osingen Ørjan Håland.

Gir seg som Varegg-trenar
Ørjan Håland før treningskampen mot Os i mars. Kampen enda 2-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. apr. 2018 21:27

Torsdag 23. november signerte Ørjan Håland frå Os kontrakt med ny klubb, den tidlegare Os-assistenten blei hovudtrenar for Varegg.

Varegg tapte kampen om NM-kvalifisering 0-3 for Trott, laurdag ventar seriestart mot Lysekloster, men utan Håland som trenar.

– Eg har takka for meg. Det har oppstått ein situasjon som gjer at eg synest det er rett, seier Håland til Midtsiden.

Han ønskjer ikkje å gå ut med detaljar. Det vil heller ikkje styreleiar i Varegg.

Olav Gorseth seier i ei melding at det absolutt ikkje er eit ønskje frå Varegg si side at Håland går av, og at dei synest det er trist å mista han.

Håland har UEFA B-lisens og hadde tilbod frå andre klubbar før han takka ja til å bli hovudtrenar for Varegg. Han har framleis trenarambisjonar, men andre klubbar skal ikkje ha påverka avgjerda om å gå frå Varegg.

– Eg ønskjer Varegg lykke til med sesongen og med val av ny trenar! Eg trur dei er eit lag som kan bita godt frå seg i serien i år, seier osingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.