Lokal | 26. apr. 2017

Gjekk 4 millionar i minus

Skule og barnevern gjekk med stort underskot i 2016. – Det er mykje meir enn venta, fortalde kommunalsjef Line Rye.

Gjekk 4 millionar i minus
Kommunalsjef Line Rye fortalde i tenesteutvalet tysdag at området hennar gjekk 4 millionar i minus i 2016 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. apr. 2017 11:41

Årsmelding og årsrekneskapen for Os kommune gjekk i dag i trykken. I tenesteutvalet fortalde leiinga ved dei kommunale einingane kort om status på deira område i 2016.

Samla sett går Os kommune med 40 millionar i pluss, mykje takka vera høge skatteinntekter, avkastning på finansporteføljen og lågare utgifter til pensjon.

Eitt område i minus

Medan dei fleste områda klarer å gå i balanse eller med eit lite pluss i rekneskapen måtte kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, melda om underskot.

– Vi gjekk ut av 2016 med minus 4 millionar kroner. Det er mykje meir en venta.

– Det største ankepunktet er at det ikkje var varsla, noko vi har følgd opp med einingane i ettertid. Vi har vore veldig tydelege med dei som har hatt størst minus og satt inn korrigerande tiltak, fortalde Rye.

Høge kostnadar med enkeltelevar

Det er tre stadar i området smellen har kome; skulane, barnevernet og fellestiltak i skule og barnehage.

– Grunnen til minus hos dei skulane som har det skuldest i stor grad enkeltelevar og krevjande situasjoner rundt desse, kor vi har måtte bemanna opp enkelte stader. Vi har hatt tilfeller kor vi har måtte setta inn ein til ein-oppfølging. Desse sakane er meir krevjande og har større kompleksitet enn tidlegare.

Klarer framleis ikkje å gå i balanse

Trass i at barnevernet fekk styrka budsjettet sitt gjennom 2016 går dei framleis ut med negativt resultat.

– Det har vore varsla over ei tid og det har vore putta inn penger gjennom året. Frå 2013 til 2016 har budsjettet på barnevernet auka med 10 millionar, men vi klarer fortsatt ikkje gå i balanse.

– Den auka kostanden i barnevernet er ein indikasjon på veksten i kommunen og kompleksiteten i sakane. Alvorlegheitsgraden i meldingane til barnevernet har auka, forklarte Rye.

Også meirforbruket på fellestiltak skule og barnehage er knytt til relaterte saker, kor barnevernsbarn er plassert i andre kommunar.

Positiv omtale på Stortinget

Trass at barnevernet slit økonomisk ser Rye veldig positivt på korleis det blir jobba i tenesta.

– Ei ekstra fjør i hatten er at i den nye proposisjonen som er sendt til stortinget, så er måten barnevernet i Os kommune jobbar inn mot familiar nemnd spesifikt som eit godt døme.

– Det vi har gjort er å ta tidleg innsat og tverrfagleg samarbeid eit skritt vidare, blant anna gjennom familieteam, som skal vera lavterskel i høve saker som meldast inn. Gjennom familieteamet kan vi bistå familiar før det blir sak i det heile tatt. På sikt trur vi at det vil gje færre sakar i barnevernet, forklarte Rye.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.