Marie Bruarøy jubla då ho tok over ordførarklubba. No jublar ordføraren for eit fantastisk resultat for 2017 (foto: Andris Hamre)

Gjekk 51,9 millionar i overskot

Os kommune gjekk i 2017 med heile 51,9 millionar kroner i overskot. – Juhu, jublar ordføraren.

Av: Andris Hamre

Rekneskapen for Os kommune har blitt gjort opp. Det viser at kommunen held fram med å levera gode økonomiske resultat.

– Driftsrekneskapen for Os kommune viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på 51,9 millionar kroner for 2017. Resultatgraden er på heile 9,4%, heiter det i ei melding frå kommunen.

Tenestaområda leverer plusstal

Det gode resultatet skuldast i første rekke høge skatteinntekter inkl. skatteutjamningsmidlar, lågare utgifter til pensjon enn budsjettert og god avkastning på finansporteføljen. Alle tenesteområda leverer resultat i pluss.

Høg resultatgrad

Resultatgraden er på heile 9,4%. Årsaka til at resultatgraden blir så høg er m.a. avsetning til fond vedr statstilskot kommunereforma for perioden 2018 – 2020 og SIO – prosjektet, samt at det i utgangspunktet var budsjettert med eit overskot på 13,8 mill. kr for 2017.

Investeringsrekneskapen er gjort opp i balanse (null).

– For ordens skuld gjer vi merksam på at rekneskapen ikkje er revidert, heiter det i meldinga.

– Stolt over alle tilsette

Ordførar Marie Bruarøy (H) jubla for seg sjølv då ho fekk melding om resultatet på eit møte om kystsogedagane i dag tidleg.

– Det blei ein stille juhu då, ler Bruarøy.

– Eg er sjølvsagt kjempenøgd over resultatet. Ein resultatgrad på heile 9,4% er fantastisk. Vi visste vi ville få eit bra overskot, men at vi skulle bikka 50 millionar blei ei positiv overrasking. Spesielt er eg særs nøgd med at alle tenesteområda leverer på budsjett. Eg er stolt over alle tilsette i Os kommune som er med på å bidra til dette overskotet, og for den måten dei leverer tenestene til innbyggjarane i Os på.

Vil halde igjen

Sjølv med 50 millionar ekstra på bok, manar ordføraren til måtehald.

– Det er lettare å gå inn i kommunereformarbeidet når vi viser at vi har god økonomistyring. Samstundes veit vi at det kjem trangare år framover, så vi treng ikkje bruka alt på ein gong, men nokre eingangstiltak vil vi nok finna rom for når vi skal handsama rekneskapen, men det får vi da interne diskusjonar på først, avsluttar Bruarøy.