Lokal | 11. sep. 2014

Gjekk berskerk på Esso

Ein mann skadde seg sjølv mens han raserte eit toalett på Essostasjonen. Politiet måtte følgja han med ambulanse.

Gjekk berskerk på Esso
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. sep. 2014 07:16

Onsdag ettermiddag, klokka 16.15, fekk politiet melding om hærverk på Esso.

– Meldinga gjekk ut på at ein mann raserte eit av toaletta på stasjonen, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Patruljen kom fram og møtte ein skadd mann i slutten av 20-åra. Det blei funne narkotika på mannen, som framsto som rusa på GHB.

– Ambulanse blei tilkalla og vedkomande var så oppjaga at vi måtte vera med ambulanse vidare for å ha kontroll på han.

Mannen blir meldt for å ha narkotika. Det er førebels uvisst om han også blir meldt for skadeverk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.