Lokal | 21. mai 2017

– Gjekk til angrep på fleire personar

Først skal han ha slått to menn, så lugga han fleire andre.

– Gjekk til angrep på fleire personar
Ein mann i 30-åra skal ha gått til angrep på fleire personar ved drosjesentralen i Os sentrum natt til laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. mai 2017 07:44

Klokka 02.26 blei ein mann tatt av politiet etter urinering i Os sentrum.

– Han sto og urinerte oppetter ein bil. No kan han venta seg eit forelegg på minst 6000 kroner, seier Hans Eirik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Ti minutt seinare fekk dei melding om slåstkamp utanfor drosjesentralen.

– Det viste seg å vera same person som akkurat hadde blitt tatt for urinering. Han hadde slått to menn og lugga fleire andre.

Vedkomande, ein mann i starten på 30-åra, blei køyrd til overnatting i arresten i Bergen. Han er meldt både for urineringa, for å uroa offentleg fred og orden, og for kropsskrenkelse mot fleire personar.

Avliva svane

På dagtid laurdag, klokka 13.50, fekk politiet melding om ei skadd svane.

– Den er truleg skadd av møte med ein båt, seier politiet.

Viltkontakt blei varsla og rykte ut til Lysefjorden og avliva svanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.