I dag blei den siste utslagsspreninga i Råtunnelen feira på stuffen på Nordås. Bilete frå utsprenginga i det andre løpet (foto: Geir Brekke/Statens Vegvesen)

Gjennomslag i Fana

E39 Svegatjørn - Rådal: I dag blei siste gjennomslag i Råtunnelen feira på Nordås.

image
image
Av: Andris Hamre

Skogafjellstunnelen frå Svegatjørn til Endelausmarka var den første av tunnelane på nye E39 mellom Os og Bergen kor arbeidarane kunne sjå dagens lys 22. februar 2017 då ordførar Marie Bruarøy (H) skaut den siste salva i det austre løpet av tunnelen.

Etter det har det gått slag i slag, både i Skogafjellstunnelen, Lyshorntunnelen og i Rå- og Søråstunnelane som går under bebyggelsen på Sørås/Nordås i Fana.

Mykje arbeid att

I dag blei det femte og siste utslaget mot dagslys gjort med inviterte gjester på «stuffen» på Nordås. Dermed er også desse to tunnelane så godt som ferdig sprengt ut, men framleis står det mykje arbeid att. 

– Det gjenstår enno fleire år med tunneljobb når innreiinga av tunnelane kjem i gang for alvor. Deretter er det elektro-entreprisen som står for tur. Også det ei tidkrevjande oppgåve, fortel Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Tidlegare har det vore gjennomslag på to utslag på Råtunnelen i Rådal og det same på Råtunnelen ved Nordås og Søråstunnelen ved Sørås.

64.000 lastebil-lass

Omlag to år har entreprenøren brukt på å sprenge ut dei to tunnelane.

– Samtlege tunnelar har vore sprengte med utgangspunkt i innslaga ved riksveg 580 Flyplassvegen ved Skeievatn. All transport av steinmassane har passert gjennom ein mellombels rundkøyring på Flyplassvegen sidan tidleg i 2016. Kring 64.000 lastebil-lass med tunnelstein er frakta denne ruta, fortel vegvesenet.

Ferdig sprengt i 2019

Framleis er det ein tunnel ein ikkje har fått gjennomslag på. I den 9,2 kilometer lange Lyshorntunnelen frå Endelausmarka til Rådal gjenstår det framleis ein god del sprengingsarbeid før også denne er ferdig. 

Per 15. februar var 12.886 av totalt 18.370 meter utsprengd, noko som tilsvarar 70,1% av tunnelen. Tunnelsprenginga for Lyshorntunnelen er planlagt å vera ferdig i løpet av sommaren 2019.

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen er 11,8 km.
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

Mellom Svegatjørn og Rådal er 10,7 av 11,8 km i tunell:
• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km

• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.

• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
• Antatt ferdig i 2022