Sport | 19. juni 2017

Gjentek friidrettssuksessen

I fjor var første året Os Friidrett inviterte til friidrettsskule i starten av skuleferien. No gjentek dei suksessen.

Gjentek friidrettssuksessen
Omlag 70 ungar stilte då Os Friidrett arrangerte friidrettsskulen for første gang i fjor. No håper dei på like stor suksess i år (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 19. juni 2017 12:43

Første veka etter skuleslutt arrangerer både Søre Neset, Nore Neset og Os Fotball fotballskuler dei første tre dagane. I slutten av veka er det friidrett som står i fokus, når Os Friidrett inviterer til friidrettsskule andre året på rad.

– I fjor hadde vi med omlag 70 ungar. I år har vald å legga friidrettsskulen til slutten av veka, for ikkje å konkurrera med fotballskulene. No veit vi at det er ein god del som reiser til Sogndal og fotballcup, men for dei som blir heime er friidrettsskulen ein god plass få vera i aktivitet, seier Åge Gulbrandsøy i Os Friidrett.

Både to og tre dager

Friidrettsskulen startar onsdag 28. juni og varar i tre dagar, men for dei som vil ha med seg både fotball- og friidrettsskule har arrangørane opna for å vera med dei to siste dagane.

– Det gjer vi for at ungane skal slippe å velgje, men i staden kunne få med seg begge delar.

– Vi startar klokka 9 og held på til klokka 15 alle tre dagane. Midt på dagen serverer vi sund og god lunsj. Riktig kosthold er viktig om ein skal orka å trena. Det blir òg frukt litt utpå ettermiddagen, fortel Gulbrandsøy.

Alt friidretten har å by på

Friidrettskulen er open for barn frå 7 til 12 år.

– Her skal dei få prøva seg på alt friidretten har å by på. Det blir kule og spyd, løping med og utan hekker, men med startar og ordentlig tidtaking. Det blir òg høgde, lengde og tresteg, så ungane skal få testa ut det meste.

– I tillegg blir det sjølvsagt mykje leik og moro, både på friidrettsbanen og utanfor, avsluttar Gulbrandsøy, som oppfordrar interesserte til å vitja Os Turn Friidrett si heimeside for fleire detaljar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.