Lokal | 13. des. 2017

Glatte vegar

Bil utfor vegen i Lysefjorden.

Glatte vegar
Ein bil har køyrd utfor Lyseklostervegen like før ruinane om du kjem frå Os (lesarbilete)
Andris Hamreonsdag 13. des. 2017 19:31

Regn på frossen bakke er ein skummel kombinasjon. I skrivande stund er der rundt 0-grader på Osøyro.

– Eg opplevde det ikkje så ille, men på fotgjengarovergangane ved Laguneparken var det glatt, fortel ein lesar Midtsiden har snakka med. Han har sendt oss bilete i denne saken.

– Bilen sto rett etter Lysekloster ruinane mot Os. Eg stoppa for så sjå om det var folk i bilen, men det var det ikkje.

I følgje facebooksida "trafikkmeldinger Fanafjellet" skjedde utforkøyringa for omlag ein time sidan.

Der blir det òg meldt om at det var glatt utover mot Drange, men at saltbilen var i området.

På "oppslagstavlo i Os" blir det meldt om stadvis glatt også i Strøno.

– Periodisk glatt i Strøno. Frys på bar asfalt!!, er det ein som melder.

Det skal også vera skøyteis på Berge ved Hatvik.

Konklusjonen får vera at ein må køyra og gå varsomt i kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.