Laila Reiertsen om nokre viktige områder i statsbudsjettet (arkivfoto: KVB)

Gledeleg for born, unge og deira familiar

Lesarinnlegg, Statsbudsjettet 2018: Vidare vekst og investering for framtidas Norge.

Av: Lesarinnlegg

Budsjett for 2018 er lagt fram. Ein fremjar vekst og investering i norske arbeidsplassar. Ein satsar på forsking og utdanning, veg, bane, helsetenester og velferd i kommunane. Regjeringa har lukkast med politikken i ein krevjande tid med oljeprisfall og flyktningekrise.

Dei fleste har nok allereie fått med seg nøkkeltala. Men det er mange djupdykk ein kan gjera der ein finn viktige endringar som kan påverka ditt og familiens liv vidare. Det er særs gledeleg at ein prioriterer barnefattigdom vidare. Regjeringa sin strategi mot barnefattigdom blei lagt fram i 2015. For første gong har ei norsk regjering laga ein eigen strategi mot nettopp barnefattigdom. 

Like viktig som barnefattigdom  vert rangert høgt i landet, så må kvar einskild kommune og vera med å bidra til at ein set dette på dagsordenen.  At foreldre har ein jobb er den viktigaste faktoren for å unngå at barn veks opp i fattigdom. Difor er det viktig at kommunane satsar på eit godt og utviklande næringsliv. Slik at veksten går opp og arbeidsledigheita går ned. 

I tillegg har ein innført rimelegare barnehage plass for familiar med låg inntekt og ein nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for alle barn i familiar med lav inntekt frå barna er tre år. I tillegg får ungdom i lavinntektsfamiliar meir i skulestipend. Den enkelte kommune bør også vurdera gratis SFO for desse familiane.

Målet er og å førebygge at fattigdom går i arv og betre barns livskvalitet her og no. 

4 av 10 innvandrarkvinner er utan jobb. God integreringspolitikk er å stille krav og sørgja for at mor og far har arbeidsinntekt. Dette er og viktig å ha med seg mot å hindra at born ikkje skal veksa opp i lavinntektsfamiliar. Bufdir har utvikla eit nettverktøy som skal hjelpa kommunane i arbeidet mot barnefattigdom. Kommunane kan no få ein betre oversikt over kor mange som har levekårsutfordringar relatert til fattigdom. Målet er at fleire kommunar set i gong eigne tiltak som treffer barn og familiar som trenger det.

Regjeringa sette i gong ein ny ungdomsinnsats i 2017. Arbeids –og velferdsetaten vert styrka med 70 millionar kroner i 2018 til at unge ledige skal få  raskare oppfølging frå NAV-kontoret og komma i arbeid eller fullføra utdanning. Målgruppa er ungdom under 30 år som etter åtte vekers ledigheit står utan tilbod om arbeid, utdanning eller anna hensiktsmessig aktivitet.  Her må også kvar einskild kommune ha fokus på dette i saman med NAV. Der vil eg  oppfordra kommunen og det lokale næringslivet  til samarbeid for å hjelpa desse unge. 

Regjeringa satsar og vidare på meir førebygging av vold og overgrep mot born, ein auka satsing på barn i lavinntektsfamilier og eit styrka barnevern for dei mest sårbare barna.

Regjeringa legger difor opp til eit historisk kompetanseløft i barnevernet ,og bevillinga aukar frå 30 millionar til over 80 millionar kroner i 2018.Kompetansesatsinga er ein del av barnevernsreforma.  Midla skal gå til nye vidareutdanningar, opplæringsprogrammer og utviklingsprosjekter i barnevernet. Regjeringa startar også arbeidet med å forbetra grunnutdanninga og styrkjer tilbodet om masterutdanningar, slik at fleire kan starta i jobben med gode faglige føresetnader.

Regjering aukar enda meir midlane mot vold og overgrep. Og her er det fleire departement som får midlar. Sett opp mot den opptrappingsplanen ein la fram i 2016. Den samla satsinga innan dette feltet frå saldert budsjett i 2017 vert vidareført i 2018. Og ein aukar ytterlegare med 54 millionar  i 2018. Ein del av desse midla er tenkt til blant anna  å prøve ut TryggEst; ein modell for risikoutsatte vaksne som har behov for vern mot vold og overgrep. Styrkje kapasitet og kompetanse knytt til medisinske undersøkingar i Statens barnehus. Styrkje politiet sin kapasitet og kompetanse til etterforsking i saker som gjelder vold og overgrep mot barn, inkludert barnehusa. Samt styrking av arbeidet mot internettrelaterte overgrep mot barn. I tillegg må nemnast at kommunane får eit tillegg på 200 millionar kroner til vekst i kommunesektorens frie inntekter i 2018 i grunna i ein auka satsing på førebyggande tiltak for barn og unge og familiar.

Det er klart at eit budsjett skal ha fleirtal. Men eg vil tru at dei fleste av desse områda eg har hatt fokus på i dette innlegget ikkje vert rørt. Gledeleg for born, unge og deira familiar.

Laila Reiertsen
Os FrP