Sport | 28. juli 2015

Gler seg over utviklinga

Sommarpraten: Sverre Lunde Pedersen i heimbygda mellom isøkter i Inzell og på Hamar. – Vi har eit godt lag på gang, slår 23-åringen fast.

Gler seg over utviklinga
Sverre Lunde Pedersen, heime på Os mellom isøkter i Inzell og på Hamar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. juli 2015 08:40

Han har lagt bak seg ein god sesong med sin første verdscupsiger på 1500 meter og bronse i allround-VM.

– Ja, eg er nøgd. Eg nådde alle måla mine og har vore jamt på pallen heile sesongen, smiler Sverre Lunde Pedersen når Midtsiden møter han på gjestebrygga.

VM og VC størst

På spørsmål om kva som var dei største opplevingane i 2014/15-sesongen trekk han naturleg nok fram verdscupsigeren og VM-bronsen.

– Eg har aldri vore stressa på at det ikkje ville koma. Sjølv med det presset som de i media freista å legge på meg i fjor.

– Eg har tatt stega gradvis og heile tida hatt ei positiv utvikling. Du veit Sven Kramer er seks år eldre enn meg, seier han med eit smil.

God følelse før ny sesong

I sesongen han har lagt bak seg har han stått på pallen på 1500, 5000, 10 000, lagtempo og fellesstart.

– Heile laget har hatt ein god sesong. Tilsaman har gutane på laget stått på pallen på alle distansar i år. Espen Hvammen på 500 og Håvard Lorentzen på 1000 meter. Det gir ein god følelse som vi drar med oss inn i oppkøyringa, seier Lunde Pedersen.

Høgre nivå på treningane

I vinter låg mykje av presset på skuldrane til Lunde Pedersen, då Håvard Bøkko sleit med sjukdom og skade.

– Det gjorde meg ikkje så mykje, men eg merkar jo at Håvard er i betre form no. Det er berre positivt for min eigen del òg. Det gjer at vi får eit høgre nivå på treningane.

– I tillegg er det fleire spennande guter som er i ferd med å utvikla seg som langdistanseløparar. Frå før har vi Simen Spieler Nilsen, men no har vi òg fått opp Ole Bjørnsmoen Næss og Thomas Henrik Søfteland som er lovande 10 000 meter-løparar, fortel Lunde Pedersen.

Det beste landslaget

At nivået på treningane er høgt og godt drar osingen god nytte av. Testar i sommar visar at han ligg på eit enno høgre nivå enn det han gjorde på same tid i fjor.

– Ja, det utviklar seg i rett retning, smiler han før han igjen rettar fokuset mot laget.

– I år er vi fem som alle har eit høgt nivå inne. Ida (Njåtun, red.mrk), Espen, Lorentzen, Bøkko viser og god form. Det er ikkje mange landslag som er betre enn oss.

– De har jo slitt med sponsorar til skøytelandslaget. Har de merka auka interesse med dei gode resultata?

– Eg håpar jo at vi har vekt interesse hos potensielle sponsorar, men førebels har det vel ikkje kome til nokon nye. Vi må berre fortsetta å levera resultater, så er eg trygg på at leiinga jobbar opp mot sponsorane.

Enorme mengder trening

– Men tilbake til di eiga treningskvardag. Korleis ser den ut?

– Det er jo no frå april/mai til oktober eg legg grunnlaget for sesongen. Når vi er på samling så køyrer vi to økter for dagen. Då startar vi typisk klokka 9 og trener fram til i 12-tida, før vi går på at i 15-tida og held på til i 18-tida.

– Mellom øktene blir det å få i seg næring og ta seg ein blund. Det handlar stort sett om å trena, eta og sova, forklarar Lunde Pedersen, som fortel at onsdagane og laurdagen er ekstra harde.

– Dei dagane har vi som er allrounderar dei harde dagane våre. Då er det ei hard rulleskøyteøkt på morgonen og ei intervalløkt på sykkel om ettermiddagen.

På samlingane ligg Lunde Pedersen og dei andre utøverane på rundt 30 timar i veka.

Kan ikkje slurva

For å bli enno betre fortel han at det er detaljar han no jobbar med.

– Det er ein kombinasjon av det fysiske og det tekniske. Eg jobbar med toppfarten på 1500 meter. For å klara det må eg bli sterkare i den djupe skøytestillinga og få ein enno betre grunnkapasitet. Det er no på barmark eg kan utvikla dette.

– Men korleis gjer du det?

– Det går att i mange av øvelsane eg gjer på barmark. Fellesnemnaren er at eg skal vera ekstra djup. Det krev at eg ikkje slurvar når eg gjer øvelsane, men at er ekstra på. Eg trur det er den feilen mange gjer når dei skal trena på detaljar. Det er lett for å ikkje vera fokusert nok og med det ikkje gjera jobben godt nok, forklarar han.

Litt meir luft

Opplegget landslangsløparane følgjer er det same som i fjor, kor dei hadde 14 dagar samling og ei veke heime.

– Det blir litt meire luft når eg er heime og rom for å gjera andre ting som å vera med vener og familie, eller berre slappa av. Det er stille og fredeleg i huset, smiler han.

Om du trur det berre er kvile når skøytestjerna er heime, må du tru omatt. Dei “rolege” veken tel typisk eit par og tjue timar med trening.

Må forsaka noko

Med rolege dagar saman med venner ville mange gjerne ha tatt seg ein fest.

– Det kunne eg nok gjort, men eg har vel aldri vore den som har vore ivrigst på å gå ut. Det er klart det kunne vore kjekt å vera med vener på Tysnes-fest eller Osfest no til helga, men dei har jo båe kollidert med is-samlingane i sommar.

– Samstundes så er det kanskje dette toppidrett handlar om. Du må forsaka noko. Eg er heldig som kan få vera idrettsutøver på heiltid. Det er ein sjanse du berre får ein gong i livet, avsluttar Sverre Lunde Pedersen som har mål om ein minst like bra sesong som i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.