Fotball | 23. apr. 2014

Gler seg til cup-kamp

Dagleg leiar Hans Parnefält og trenar Jørn Vegard Berge ser fram til morgondagens NM-runde mot Vard Haugesund.

Gler seg til cup-kamp
Dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält, riggar telt over inngangspartiet på Kuventræ (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 23. apr. 2014 13:43

Torsdag tar Os imot Vard Haugesund på Kuventræ til første ordinære runde i cupen (NM). Både dagleg leiar Hans Parnefält og trenar Jørn Vegard Berge gler seg til kampen, om enn av litt ulike grunner.

– Cupen er ein bonus for klubben. Vi har ikkje budsjettert med dei inntektene ein førsterundekamp gjev, så dette er positivt for klubbkassa.

– Det ligg både pengar og prestisje i dette, og cup er cup.

– Eg håpar vi kan trekke 4-500 ivrige osingar til Kuventræ i morgon, smiler Hans Parnefält, dagleg leiar i Os Turn, medan han inspiserar teltet dei har satt opp for å få eit tydelegare inngangsparti til kunstgrasbanen på Kuventræ.

Må følgje forbundet

Når klubben det måltalet vil det klinge enno meir mynt i klubbkassa.

– Berre det å kvalifisera seg til NM gjev 50 000 kroner.

– Nå har vi jo hatt utgifter i forbindelse med kvalifiseringa, så medrekna denne kampen er vi vel i null.

– Men i tillegg kjem billettinntekter og kiosksal i morgen.

– Der er det ein litt viktig ting å presisera. Siden dette er NM, så må vi følgje forbundet sine reglar på billettprisar.

– Det betyr at det i morgon kostar 80 kroner for vaksne og 20 for born, forklarar Parnefält.

Er spent

Trenar Jørn Vegard Berge er spent på morgondagens oppgjer.

– Vi stiller eit godt lag i morgon.

– Rett nok er Christer Olsen er ute med halsbetennelse, Fredrik Heggeland ikkje heilt tilbake etter skaden han fekk på treningsleiren og Mats Lepsøy ute med gangsår under foten som følgje av det tørre kunstgraset om dagen (!), men resten av gutane er klare og gler seg.

Fekk ein peikepinn

At det blir ein tøff kamp mot 2. divisjonslaget frå Haugesund reknar Berge med.

– Vi veit vi møtar eit godt lag, men det er ikkje umogleg å slå dei.

– Dei vann 2-1 over Stord i serieopninga. Stord spelte vi uavgjort mot i ein treningskamp tidlegare i vinter, så vi fekk ein peikepinn på kva som ventar oss.

– Vi har klart oss bra mot dei andre 2. divisjonslaga vi har møtt i oppkøyringa, så eg trur det kan bli ein jamn kamp i morgon, analyserer Berge.

– Skal spele vårt spel

Berge lovar eit Os-lag som går på banen for å vinna.

– Vi skal alltid gå på banen for å vinna og å tora å spele vår spel.

– Rett nok har vi blitt liggande litt lavare mot 2. divisjonslaga enn det vi gjer mot 3. divisjonslaga i treningskampane i vinter, men vi har samstundes skapt massevis av sjanser uansett kven vi har møtt.

– Det gjeld berre å omsetja dei i mål, avsluttar Ostrenaren.

Kampen mot Vard Haugesund går på Kuventræ klokka 18.00 torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.