Os G14 etter finalesigeren laurdag. (Privat foto)

For god for 2. divisjon

Vann meisterfinalen: Etter nedrykk med knapp margin i sommar har Os G14 gjort reint bord.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os G14, som til sommaren rykte ned på målforskjell i løpet av dei ti siste minutta av vårsesongen, har i etterkant vist at dei høyrer til blant dei beste.

I sommar blei det 1. og 3. plass med dei to G14-laga i Sogndal, haustserien i 2. divisjon starta med 14-0-siger.

Os vann avdelinga si, ei av fire 2. divisjonsavdelingar, med siger i 7 av 7 kampar og heile 57-5 i målforskjell!

– Det var litt skuffande med nedrykk, vi hadde ønskje om å gje gutane den matchinga dei får i 1. divisjon. I haust blei det nokre kampar med litt for svak motstand, men vi har fått øvd på det offensive og gutane har hatt fin utvikling også i haust, seier trenar Dagfinn Norvik.

Ved sidan av seriespel har G14 stilt med eitt lag i Norway Cup, der dei klarte seg bra til dei møtte belgisk motstand, og ein tur til HamKam Talentcup.

– Der hadde vi vår beste kamp i år, mot Kattem, som vann 1. divisjon i Trøndelag. Å slå ein så god motstandar 2-1 på Briskeby var ei god oppleving.

Jamn meisterfinale på heimebane

I kampen om å bli meister i 2. divisjon har Os spelt sluttspel.

I semifinale borte mot Vestsiden/Askøy førre helg blei det 3-0-siger.

– Då hadde vi også med oss fire frå 2004-årgangen, to fleire enn vi vanlegvis har, og dette blei ein god kamp mot eit lag som for meg såg betre ut enn dei vi møtte i finalen laurdag.

Meisterfinalen gjekk heime på Kuventræ laurdag. Os gjekk opp i 1-0 på ei praktskåring av Markus Hamre, men 10-15 minutt før slutt fekk Bønes ei utlikning.

– Vi fekk ikkje til spelet vårt i finalen, det var som om vi mista ballen for lett og ikkje fann rytmen.

Kampen gjekk til ekstraomgangar. Der var Henrik Toft frampå og heada inn 2-1 via tverrligger.

Det var ikkje golden goal, finalen blei spelt 2 x 5 minutt, men Os heldt leiinga og blei meister i 2. divisjon!