midtsiden

God blanding

WT-Festivalen: Laurdag brakar det laus. Festivaldirektør Ole Henning Bøe ser fram til ei veke med film i Fjellheim.

Av: Andris Hamre Fredag, november 5, 2010 - 12:43

Festivalen startar med offisiell opning laurdag med vernissage, fest og opningsfilmen «Four Lions». Ein film arrangørane meinar står for mykje av det same som festivalen, nemlig det å kunne ta for seg eit viktig tema gjennom humor og satire.

- Framsyninga i Fjellheim er einaste sjansen til å få sjå filmen i Bergensområdet. Bergen Kino har nemlig ikkje kjøpt den inn, fortel festivaldirektør Ole Henning Bøe.

Blanda følelser
Dette er siste gong det vert skipa filmfestival i kulturhuset Fjellheim, så WT-festivalen skal også markere seg ut av bygget med sin sedvanlege stil. Neste år blir det Oseana som blir arena for den sjarmerande festivalen.

- Sidan vi er på veg over til Oseana fann vi det naturlig å be Kim Kristoffersen, direktøren der om å stå for den offisielle opninga, seier festivaldirektøren.

Gler seg til helga
Personlig gler festivaldirektøren seg mest til dei tre siste dagane av festivalen. Torsdagen med Euforia suprise og filmquiz, fredagen med Rock 'n' Reel og laurdagen med det store gallashowet.

- Det kjem til å bli tre heilt spesielle dagar, trur Ole Henning Bøe.

Saman med Rock 'n' LOL
Fredagens Rock 'n' Rell er eit samarbeidsprosjekt med Rock 'n' LOL på Søfteland der filmen «6ft Hick: Notes from the underground» sparkar kvelden i gang før turen går til Søfteland og eksklusive klipp frå årets festival festa til teip av Varde Film & Media.

Kvelden avsluttast med rockefest og DJ Andy Lindborg frå Rock 'n' LOL.

- Eg håpar fredagskvelden kan væra med på å trekke endel nye til festivalen. Om ikkje anna for å gjennoppleva stemninga frå Rock 'n' LOL i sommar, seier Bøe.

Fortsatt gratis
WT-Festivalen skil seg ut frå alle andre filmfestivalar i Noreg, med fri entrè på alle filmar og opne arrangement, og fri påmelding.

- Vi har eit ope og frisinna syn på alle innsende bidrag, som dei siste åra har kome frå alle verdshjørne (med unntak av Antarktis, men vi har enno ikkje lukka den døra heilt), seier Bøe.

- Utan dei gode samarbeidspartnarane vi har i Os kommune, Bjørnefjorden Gjestetun, Oseana, Vestnorsk Filmsenter, Film & Kino og dei mange friviljuge hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføra festivalen, avsluttar festivaldirektør Ole Henning Bøe.

SJÅ HEILE PROGRAMMET HER

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11